Agnete

​"Ein har naturen rett utanfor døra. For meg som har hund gjev dette meg mange turmogelegheiter"

​Agnete Solheim bur på Åfjorddalen saman med mann, son og hund. Agnete er fødd og oppvaksen i Hyllestad og etter grunnskulen vart det vidaregåande skule i Dale før ho utdanna seg til barnehagelærar i Sogndal.

​Som mange andre som studerar i Sogndal, ynskte Agnete å bli verande der etter endt utdanning. Men sambuaren som budde i Hyllestad ynskte ikkje å flytte, og stor søkarmengd på aktuelle ledige jobbar gjorde sitt til at ho starta jobbsøking i Hyllestad. Det gav særs godt resultat og ho fekk seg jobb i Hyllestad Barnehage.

Agnete har sterk tilknyting til heimkommunen, så når ho fekk seg jobb her var ikkje valet om å flytte heim vanskeleg. Vi det vi treng her, både tenester og varer. Med kort veg og dagleg båt- og bussforbindelse til Bergen og Førde kjem ein seg enkelt og raskt av garde om ein vil på tur.

Det er òg fint at «alle kjenner alle», til dømes det å slå av ein prat med kassadama/mannen på nærbutikken når ein handlar er fint og noko som ikkje fell naturleg på større plassar. Hyllestad opplevast som eit ope samfunn.

​​I tillegg til turar i skog og mark med hunden driv Agnete med stell av hest. Ho er også leiar i Åfjorddalen ungdomslag, medlem i Hyllestad Røde Kors og sit i kommunestyret. 

Skodespel står strekt i Ungdomslaget og der er ho med som skodespelar - og har ho tid til overs så strikkar ho!