Anne Marit & Per Ragnar

Anne Marit Løvø og Per- Ragnar Løvø flytta til Lifjorden i Hyllestad i 1987. Per-Ragnar er fødd og oppvaksen her, medan Anne Marit er frå Mysen. 

Etter grunnskulen flytta Per-Ragnar til Høyanger for å gå på vidaregåande, og etter to år der flytta han vidare til Sogndal for å gå på idrettslinja ved Helgheim folkehøgskule. Det var her han møtte Anne Marit, og etter omlag fire veker vart dei kjærestar, og det har dei vore sidan. 

Då dei var ferdig med utdanninga i Sogndal flytta dei til Mysen. Dei forlova seg i 1975 og gifta seg to år seinare, i same kyrkje som Anne Marit var døypt og konfirmert i. I 1979 fekk dei si fyrste dotter Cecilie, og i 1982 kom Lene til verda.

​Alle feriar, og kvar sommar var dei på familiegarden til Per-Ragnar. Anne Marit elska å vere i Hyllestad. Det var så fredeleg der og naturen som var rundt ho, med fjella og fjorden, var heilt magisk. Det var faktisk Anne Marit som tok initiativ til å flytte til Hyllestad. Etter 13 år i Mysen valde dei å flytte heim til familiegarden på Hovland.

Anne Marit hadde jobba som hjelpepleier i Mysen kommune og fekk tilbod om same stilling i Hyllestad kommune. Per-Ragnar fekk seg jobb på eit fiskeoppdrett. Men det tok ikkje lang tid før han fekk spørsmål frå Rune Iden om han ville ha jobben som butikksjef i det som i dag er Spar-butikken på Hyllestad. Der jobba han som butikksjef i mange år før han i 1999 tok over drifta.

I 1991 bygde Anne Marit og Per-Ragnar sitt eige hus på gardstomta, og i 1999 overtok dei gardsbruket. Per-Ragnar var odelsgut og eldst i søskenflokken og hadde heile tida visst at han ville overta garden. Anne Marit kom ikkje frå gard, ho er oppvaksen i eit hus midt i sentrum. men dei hadde stor hage med poteter og grønsaker. Kvart år sidan ho vart saman med Per-Ragnar reiste dei til garden i Hyllestad og hjelpte til med slåtten, så ho visste kva ho gjekk til. 

For Per-Ragnar var det viktig å ta vare på alt det generasjonane før han hadde streva med. Og der kjem sauane godt med. Utan dei hadde kulturlandskapet vore attgrodd. 

​Men å drive gard på «gamlemåten» er ikkje inntektsgjevande, så for å kunne dekke kostnadene har dei to hytter til utleige for å få ting til å gå rundt. Den eine hytta var oppført på eigedomen då dei tok over, den andre bygde dei i 2005.Hyttene vert utleigde gjennom firmaet Interchalet, og er utleigd heile sesongen frå 1. april til 15. oktober. 

For snart fire år sidan pensjonerte Anne Marit seg, då hadde ho jobba kommunalt i 41 år. Men ho sit ikkje stille av den grunn. Det er ho som tek seg av vaskinga av hyttene, i tillegg hjelper ho ofte til i Spar-butikken. Elles er Anne Marit mykje i idrettshallen. Ho likar å halde seg i aktivitet og har vore med i Friskis og Svettis sidan oppstarten i 2003. Det har ho planar om å halde på med så lenge ho klarar. Ho er og handballtrenar.

Per-Ragnar har ingen tankar om å gå av med pensjon endå. Han likar å halde ting gåande og brukar mykje av tida si i butikken. Det er mykje arbeid, men han trivast med det. Han likar seg godt i Hyllestad og har ikkje behov for å reise vekk på ferie, sånn sett gjer det han ingenting at han nesten må jobbe kvar dag, året rundt. Fritida, i den grad han har det, går med til gardsdrift og vedlikehald. 

Paret er glad for at eldste dottera med familie bur i nabohuset. Dei er flinke til å hjelpe til med garden og hyttene, og så er det jo veldig kjekt med barnebarn som kjem på besøk! Det er tungt arbeid, og dei driv det nesten på same måte som dei gjorde i gamle dagar. Men Anne Marit ser positivt på det; dei får god trim og det er ein sjarm over det heile. Sunt for kropp og sjel er det og!

Anne Marit forstår seg ikkje på dei som seier at det ikkje er noko å finne på i Hyllestad. Sjølv er dei på farten heile tida. Fjella ligg som næraste nabo og idrettshallen er heilt fantastisk. Ein kan ikkje berre sitte å vente på at noko skal skje. Ein må ta del i aktivitetane som er her, og engasjere seg. 

Då dei flytta hit vart dei begge med i idrettslaget og vart kjende med foreldra i både barnehagen og skulen. Per-Ragnar og Anne Marit finn seg godt til rette i Hyllestad og tykkjer det må være ein fin plass for familiar med born for å vekse opp.

​I Lifjorden er det godt samhold og naboane er flinke til å inkludere og ta vare på kvarandre. Kvart år har grenda krabbefest på Kleiva, ein tradisjon paret tykkjer er utruleg kjekk.

​​Turistane som kjem hit stortrivast og kjem igjen år etter år. Dei sit på verandaen og høyrer på vinden og måsane, og får ein heilt unik ro her. Denne opplevinga hadde Anne Marit kvar sommar då ho og Per-Ragnar reiste til Lifjorden. Og slik har ho det endå.