Atle

Atle Nordal Inderøy er fødd og oppvaksen på Skivenes i Hyllestad.

Han byrja skulegangen sin på Borsholmen før det kom veg på Skiveneset, og måtte gå til skulen gjennom skogen. Men etter to år kom det veg, og då vart skulen nedlagt. Då måtte han ta buss til Skifjorden, og gjekk resten av folkeskuletida si der. 

Etter kvart  vart det realskule på Øen med mellom anna Norvald Tveit som lærar. Han minnast Norvald som ein god og fargerik lærar.

Etter endt skulegang visste han ikkje kva han skulle gjere vidare. Han flytta til Balestrand for å gå på Askelund Folkehøgskule. Men Atle var skulelei og ville jobbe. Som 17-åring byrja han som byssegut i Fylkesbåtane. Etter dette har han hatt mange ulike jobbar, mellom anna jobba han ein periode på Løland Verft (no Havyard). Han enda til slutt opp på Smeltverket i Svelgen, og det var i Svelgen han fann kona si, Eva-Karin.

På Smelteverket jobba Atle skift, og nattskiftet var ekstra tungt. Han fekk ikkje sove mange timar på dagtid og spesielt om sommaren var det heilt håplaust. På midten av 80-talet byrja han og kona å tenke på å flytte heim til Hyllestad. Atle hadde alltid visst at han ville tilbake til heimgarden på Skivenes, og når Hyllestad kommune sende ut brev til utflytta ungdom med spørsmål om dei kunne tenkt seg å flytte heim, hjalp det litt på. På slutten av 80-talet hadde dei bestemt seg - dei flytta heim.

Eva-Karin fekk seg jobb på sjukeheimen og Atle fekk jobb på eit oppdrettsanlegg. Frå å ha jobba inne i varmen på Smelteverket, byrja han no å jobbe ute. Då dukka det opp helseproblem han før ikkje hadde kjent på. Kroppen tålte ikkje å stå ute i kulda og armane var heilt ubrukelege etter ein arbeidsdag. Han vart sjukemeld og måtte slutte i jobben. Då byrja han på Havyard, der han hadde jobba som ungdom. Men etterkvart blei dette og for tøft og han vart sjukemeld.

For å komme seg attende i arbeid fekk han jobb i kommunen i nokre år. Etter dette fekk han seg arbeid hjå Vest Buss i Stryn, og der jobba han til fabrikken vart nedlagd. Atle reiste då til Os og tok førarkort for lastebil og buss og fekk jobb i Firda Billag, der køyrde han skulerute frå Skifjorden til Hyllestad. Dette jobba han med om lag eitt år,  før han fekk tilbod om å køyre taxi for Skadal Transport. Det viste seg at helsa ikkje tålte dette over tid og Atle vart etter kvart uføretrygda.

Det var då interessa for foto dukka opp att. Interessa for foto har Atle hatt heilt sidan han var ungdom. I ungdomstida hadde han sitt eiga speilreflekskamera og tok masse bilete. Men ein sommar han drog på bilferie i lag med nokre kompisar, vart heile kameraveska med objektiv og anna utstyr stole.

Som pensjonist fekk Atle mykje ledig tid som han ville bruke til noko fornuftig. Han las seg opp på nett, såg mange videoar og tok fotoredigeringskurs hjå Hyllestad Folkeakedami. Han kjøpte seg eit kamera og utstyret han trengde og tok opp att fotointeressa han hadde frå ungdomstida. Han er for det meste sjølvlært og ser seg sjølv som hobbyfotograf.

​Han tykkjer det er fantastisk å komme seg ut i naturen og gå plassar han ikkje har vore før. Han seier at å gå tur saman med han ikkje er noko kjekt. For han er ikkje målet å komme fram, men å sjå dei små detaljane i naturen og dei potensielle motiva som ingen andre legg merke til. Og får han ikkje ha kamera med seg i sekken, så blir han heller ikkje med på nokon tur.

​Atle tek alle typar bilete frå Hyllestad kommune, ikkje berre naturmotiv. Han kan og fotografere menneske, som til dømes konfirmasjonsbileter. For Atle er det viktig å få fram lys og kontrastar, og dette er kanskje noko du vil legge merke til når du ser bileta hans.

Han trivast godt på Skivenes. Han har naturen tett på og det er stille og roleg rundt han, akkurat slik han vil ha det. Han meinar det er viktig å trekkje fram naturen og stilleheita som trekkplaster for dei som vil flytte til Hyllestad. Han har det godt og kan ikkje komme på ein negativ ting med å bu her.

Atle og Eva-Karin har tre born og seier det har vore fantastisk for dei å vekse opp på Skiveneset. Sjølvsagt var det stressande periodar med tre små born. Både Atle og Eva-Karin jobba fulltid, så det vart travelt med henting og levering i barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Det vart mykje køyring og det var ikkje alltid lett å få ting til å klaffe i forhald til tid og oppmøte.  

​​På grunn av dette meiner Atle at Skifjorden og ytre delar av Hyllestad kunne hatt fordel av å slå seg saman med Fjaler kommune. Han trur kanskje fleire ville etablert seg i ytre strøk då.

Utanom interessa for foto, har Atle stor interesse for jakt, fiske og båtliv. Før var han aktiv i Jakt og Fiskelaget og var ekstremt jaktinteressert, men alderen har gjort han mjukare til sinn og no klarer han ikkje lenger å gå på hjortejakt. Han erstatta difor rifla med kamera og tykkjer det er mykje enklare å «skyte» hjort på den måten.

Elles har han ein gamal sjark som han jobbar mykje med. Han likar å fiske med garn og er ofte ute på sjøen. Her kan han vere i fleire timar - sjølv om ikkje fangsten er den heilt store.

For Atle er Hyllestad ein ideell plass å bu. Hyllestad byr på ein fenomenal natur med eit rikt dyreliv. Med interesse for friluft, jakt og fiske, så kan du ikkje få det betre. Spesielt ikkje når den største interessa ligg i å ta bilete av alt det vakre Hyllestad har å by på.

"Hyllestad byr på ein fenomenal natur med eit rikt dyreliv. "