Hyllestad info har vore på besøk hjå Audun Systad og Kari Nordbø Systad, som bur på Sørbøvåg i Hyllestad. Huset dei bur i, som dei overtok etter foreldra til Kari, ligg like ved sjøkanten og har nydeleg utsikt til hamneområdet på Sørbøvåg og Lifjellet.
Både Audun og Kari gjekk sine fyrste steg i Hyllestad, Kari på Sørbøvåg og Audun på Systad, Åfjorddalen.Det var skular i grendene då dei vaks opp, og sidan Audun og Kari budde i kvar sin ende av kommunen, traff dei kvarandre for fyrste gong på skulane sin felles «Idrettsdag». Dei har helde i lag sidan omlag 1975.
Då dei vaks opp var dei aktive på fleire frontar, Audun med 4H og Kari med korps. Dette var ei særs kjekk tid, og dei har mange gode minner frå den.
Audun hugsar og med glede all aktivitet på ski og skøyter på 60-talet. Elles var søndagsskulane aktive i bygdene.
Etter at Audun var ferdig med grunnskulen i Hyllestad, gjekk turen vidare til statsrealskulen i Balestrand og gymnas på Voss. Etter gymnaset reiste han til Oslo for teologistudie. Etter studiane jobba han mellom anna som feltprest på Heistadmoen leir i Kongsberg.
Kari reiste til Førde for å gå på gymnas etter at ho var ferdig med grunnskulen i Hyllestad. Ho var mellom dei fyrste elevane på den nye skulen. Etter dette flytta ho til Oslo, der Audun studerte. Her jobba ho mellom anna som kyrkjelydssekretær i Høvik meinigheit. Seinare gjekk ho lærarskule i Sogndal og var ferdig utdanna lærar i 1995.
Etter å ha budd i Oslo nokre år flytta dei til Sogn då Audun fekk seg jobb som sokneprest i Jostedal prestegjeld, og dei busette seg i Gaupne i 1984. Etter dette var dei innom Sotra ei kort tid, før igjen Luster, og så kom dei til Balestrand. I Balestrand jobba Audun som prest og Kari som lærar på Sagatun skule, og her vart dei verande i heile 16 år. Audun og Kari har tre barn og 7 barnebarn. Barna Silje og Jarle bur i Luster, medan yngstemann Børge bur i Fana.
Huset dei bur i på Sørbøvåg har dei som nemnt overteke etter foreldra til Kari, og her er det alltid litt å gjere. Men både Audun og Kari trivst med det, anten det er noko som må malast eller blomar som treng stell. Huset ber preg av at dei likar å ha det fint rundt seg, både utvendig og innvendiig.
I eldre tider har det vore både postkontor og bakeri her, så huset har eit historisk sus over seg.
På fritida deltek dei på ulike aktivitetar, Kari er aktivt medlem i koret Fjordklang og Audun har engasjert seg i LivOGLyst prosjektet til Øen Grendalag. Audun jobbar og litt med historia til steinkrossane som er produsert i Hyllestad i gammal tid. Dette er noko han verkeleg brenn for og har lyst å engasjere seg i.
Kvernsteinsparken har blitt ein nøkkelstad på den såkalla Kystpilegrimsleia; og har ei spennande historie. Elles er Kari og Audun flyktningvenar for ein familie på 4 som nyleg har flytta til Hyllestad. Og dei er aktive i kyrkjelyden i Hyllestad.
Etter at dei flytta tilbake til Hyllestad og Sørbøvåg, føler dei at dei oppdaga naturen her «på nytt». Sidan dei er aktive både på sjøen og i fjellet med fisking og fjellturar, tykkjer dei at det er betre klima her ute ved kysten, med mindre snø enn dei er vande med frå andre stadar dei har budd. Ikkje minst Kari kjenner på dette, og er kjempeglad over å sjå dei fyrste blomane om våren. Audun trekkjer no og då opp i fjellheimen for å spenne på seg skia, noko han er veldig glad i.
Så vil dei og trekke fram Hyllestadhallen som noko særs positivt for kommunen. Den er ein aktivitetsarena som bidreg til godt samhald i Hyllestad.