Beate & Åge

Beate Pedersen og Åge Johannesen bur på Lekva i Lifjorden, i eit flott hus, med endå flottare utsikt. Her bur dei saman med to av borna sine; Isak og Aron, og hunden Dexter. Eldstejenta, Thea studerar og bur i Bergen.

Beate og Åge har kjent kvarandre sidan før dei byrja på grunnskulen i Hyllestad. Før dei vart klassekameratar i 2. klasse budde Beate med familien sin i Bergen. Dei har og vore kjærestar omtrent så lenge dei kan hugse.

Åge er oppvaksen i Lifjorden og hadde sine grunnskuleår på Hyllestad skule. Etter dette gjekk turen vidare til Dale VGS og grunnkurs i mekaniske fag. Då han var ferdig med det vart det automasjon i Førde. Etter endt utdanning fekk han seg lærlingkontrakt som mekanikar hjå Kværner Kleven i Leirvik og jobba der i 12 år. Her treivst han særs godt og har mange gode minner frå den tida. Men han fekk lyst på nye utfordringar og søkte seg jobb hos Odfjell og har jobba der sidan 2006.

Beate gjekk og sine fyrste skuleår på Hyllestad skule. Og som med Åge, gjekk turen vidare til Dale etter grunnskulen. Her minnast ho eit kjempegodt miljø og vil trekke fram Dale VGS som ein super plass for både liv og læring. Etter dette gjekk turen vidare til Bergen, Førde og Sogndal for lærarutdanning. Beate har sidan 1998 vore tilsett ved Hyllestad skule, er no adjunkt og held på med ekstrautdanning.

Thea som studerar i Bergen, er ferdig med utdanninga si som vernepleiar i 2023, og vil då flytte heim til Hyllestad. Ho har skrive kontrakt med kommunen om fast jobb etter utdanning. Ho er særs nøgd med dette opplegget og vil gje skryt til kommunen for tilrettelegging av vakter for ho når ho har eksamen og er i praksis. Thea er veldig glad i dyr og tradisjonar og ynskjer seg eit småbruk når ho flyttar tilbake til Hyllestad. Ifylgje foreldra, har Thea i oppveksten nærast hatt ein lokal zoologisk hage på Lekva. Dette er noko ho langt på veg bekreftar, og som ho kanskje har lyst å fortsetje med, men då på eitt eige småbruk.

Isak har alltid hatt interesse for mekking og skruing, og satsar på å utdanne seg innan elektro når han er ferdig med grunnskulen på Hyllestad. Han har vore aktiv innan kulturskule og fotball, men no går mesteparten av fritida til lappen på lettmotorsykkel. Her ligg og ei av dei andre interessene til Isak, motorsykkel og bil. Det er eit stort miljø for dette i Hyllestad, mange ungdommar med felles interesser, noko han tykkjer er veldig kjekt. Elles likar han å trene styrke i Hyllestadhallen.

Yngstemann Aron er oppteken av fotball, gaming, køyre cross og å vere med vener. Han likar og å fiske, og trivast godt på sjøen i lag med familie og vener. No til hausten skal Aron byrje på ungdomsskulen og gler seg til det.

På fritida likar Beate å trene og har mellom anna sprunge halvmaraton ved fleire høve. Ho likar og å stelle i hagen og er oppteken av interiør, klede og sko. Både ho og Åge set pris på naturen dei har rundt seg med nærleik til fjell og fjord.

​Åge er oppteken av jakt og fiske, og bur i eit eldorado for dette. Elles likar Åge godt å skru og mekke, så mykje av Isak si interesse for dette har han nok arva frå far.

På Lifjellet har dei ein støl som dei steller og vedlikeheld, og det vert nokre turar til den i løpet av eitt år. Der finn dei fred og ro i ein travel kvardag. 

Noko av det dei tykkjer er fint med å bu i Hyllestad er tryggheita og at det er mindre stress her enn i byar. Ein har kort veg til sjø og fjell, og dei har familien sin nær. Hyllestadhallen har gitt kommunen eit stort løft med alle tilboda som finnast der og dei opplever Lifjorden som ei levande bygd, med lys i husa og mykje aktivitet.