Brite & Øyvind

Øyvind Ness og Brite Wallevik Ness har begge vakse opp i Hyllestad og har budd mesteparten av livet sitt her, med unntak av nokre år for å ta utdanning og «lufte seg litt».

Brite studerte barnevern i Sogndal, medan Øyvind tok elektro i Høyanger. Han har jobba i E-verket, medan Brite har jobba i kommunen. 

Øyvind var og veldig aktiv innan fotball og spelte på høgt nivå. Medan han spelte for Dale i 1998 vart han i ein periode leigd ut til andredivisjonsklubben Fredrikstad Fotballklubb. Her var han eit halvt år. Seinare flytta han til Førde og spelte fotball der. Dei to vart saman i 1999. Brite budde fortsatt i Sogndal der ho studerte, medan Øyvind hadde jobb i Førde.

Dei diskuterte litt kvar dei ville bu når Brite vart ferdig med studiane og valet stod mellom Hyllestad og Bergen, der dei begge hadde familie. I 2002 ville mor til Øyvind kvitte seg med garden på Nes, og Øyvind og Brite bestemte seg for å ta over for å teste ut om det var i Hyllestad dei ville bu. Brite var gravid, så det passa fint å flytte heim. Ho var ferdig med studiane i Sogndal i juni og i august vart Jonas fødd.

I dag har dei tre born;  Jonas (18), Marte (16) og Mari (13). Jonas har budd to år i Høyanger, men er flytta heim for å ta læretida si innan elektro. No bur dei alle fem på garden Nes. Fjøsen har ikkje lenger dyr, men er ombygd til eit stort og flott lokale der dei kan invitere vener og familie til selskap og fest. Øyvind har i lang tid brygga øl, og når han bygde om fjøsen var det sjølvsagt at ombygginga skulle inkludere ein bar med tappekran for ølet hans.

Dei er begge einige om at det var eit godt val å flytte heim. Borna har fått same type oppvekst som dei sjølv har hatt og det følast trygt og godt her. 

​Den største forskjellen frå då dei vaks opp og no er fritidstilboda. Då Brite og Øyvind var ungar kunne dei velje mellom korps, fotball og 4H. No er det mange fleire aktivitetar, og ikkje lenger slik at ein kan rekke å vere med på alt. Borna deira har vore med på kulturskulen, korps, dans, 4H, fotball og handball. 

Med tre born som alle har vore, og framleis er veldig aktive, har det vore fint og trygt å kunne late dei halde på utan konstant tilsyn. Dei hadde besøk av familie frå Amerika ein gong, og dei vart veldig overraska då dei såg kor fritt borna i Hyllestad hadde det. Den friheita set Brite og Øyvind stor pris på. Det er ein tillit i bygda som er heilt unik.

​Ein annan ting dei tykkjer er bra med Hyllestad er at ein har moglegheit til å påverke og forme lokalsamfunnet. Dei har begge sete i kommunestyret, og erfart at det kan vere kort veg frå å foreslå noko til at det faktisk vert gjennomført. 

Marte og Mari har ikkje sakna noko i oppveksten og seier det har vore fint å vekse opp her. Dei er takksame for at dei har fått lov til å vere med på alt dei vil av aktivitetar. For å få det til, må ein som forelder vere innstilt på å køyre mykje. Busstilbod er kanskje det einaste Marte og Mari kunne ønskje var betre i Hyllestad.

Brite og Øyvind har vore vane med å ha det slik frå dei sjølv var born og foreldra deira måtte stille opp på dugnad for at borna skulle få gjennomført aktivitetane sine. Denne innstillinga har Brite og Øyvind teke med seg vidare og det vert ein del køyring og dugnad. Brite har vore aktiv i styrearbeid både i idrettslaget og andre lag heilt fram til i dag. Ting blir ikkje til om ein ikkje sjølv tek del. Det er den innstillinga ei må ha i ei lita bygd. Øyvind har framleis stor  lidenskap for fotball og har i mange år trena borna i fotball og er framleis trenar for Hyllestad IL sitt Jenter 15/17 lag.

Brite påpeikar at å ta del i samfunnet og vere aktiv i lokalsamfunnet har vore ein fin måte å verte kjend med andre på. Sjølv om ho hadde familie og kjende då ho flytta heim frå Sogndal, var det likevel mange ho ikkje kjende. Ved å ta del i frivillige organisasjonar fekk ho eit større nettverk og fleire vener.

Marte og Mari tykkjer det har vore fint å gå på ein liten skule og bu i ein bygd der «alle kjenner alle». Det er berre når dei er med mamma på butikken det kan verte litt slitsamt. Dei tykkjer ho brukar altfor lang tid, nettopp fordi ho kjenner «alle» og må slå av ein prat.

Heile familien einig i at Hyllestadhallen har vore  eit kjempelyft for kommunen. Borna har brukt den masse allereie og alle håpar den kan verte den samlingsplassen for innbyggjarane som har stått på ynskjelista så lenge.

På fritida er det fotball som tek mesteparten av tida for familien. Som spelar, trenar og heiagjeng. I tillegg til fotball likar Øyvind å gå på jakt om hausten, borna går på ski om vinteren og Brite trenar på Friskis & Svettis. Nedanfor huset har dei eit badevatn der dei brukar mykje tid om sommaren.

Dei føler seg privilegerte som bur slik. Dei får ofte besøk av vener og familie og ombygginga av fjøsen har gjort at dei har god plass til å ta imot gjestar. Å ha ein open heim er viktig for dei.

Det er lett å ha fokus på det som manglar på ein liten plass, men Brite og Øyvind tenker at Hyllestad har det dei treng. Vi må bli flinkare til å sjå det kommunen har og vise det fram.

"Vi føler oss privilegerte som bur slik"