Fredrik, Monika og Martin

Hyllestad Info har vore på besøk hjå Fredrik, Monika og Martin på Heggebøen i Leirvik.

Frå heimen til Fredrik, Monika, Martin, og deira to firbeinte vennar – katten Simba og hunden Lucy på Heggebøen, kan ikkje unngå å merke seg den flotte utsikta frå huset deira over fjord og fjell.

Dei flytta inn i huset på Heggebøen i februar 2025, og det kan sjå ut som at dei har funne sin drømmestad. Huset har ein moderne, men likevel landleg stil som passar perfekt til omgjevnadane.

I 2024, midt i eit hektisk treningsmiljø, kryssa Fredrik og Monika sine vegar for første gong. Dei har begge ein lidenskap for trening, og det var når dei begynte å trene og gå på trimturar saman at magien oppstod. Den sportslege kjemien gav full klaff!

Fredrik, som er oppvaksen i Leirvik i Hyllestad, har alltid hatt eit nært forhold til bygda. Han gjekk på grunnskule her, og naturen og lokalsamfunnet har alltid vore ein viktig del av livet hans. Etter grunnskulen valde han å gå idrettslinja på Sogndal vidaregåande, før han reiste til England for å spele fotball eitt år. Etter opphaldet i England kom han tilbake til Norge og fullførte idrettslinja i Bergen.

Etter at han hadde fullført idrettslinja, arbeidde han nokre år som rådgjevar innan havbruk i Bergen. Denne jobben gav han verdifulle erfaringar, men det var ein relativt stillesittande jobb med mykje reising. Etter kvart kjende han at han ville ha noko meir aktivt, noko som passa betre med hans livsstil og interesser. Han lengta etter å komme tilbake til Leirvik, til naturen og til det kjende fellesskapet han hadde vokse opp i.

I starten pendla Fredrik frå Bergen til Leirvik for å jobbe hjå Mowi. Denne løysinga fungerte ei stund, men etter kvart bestemte han seg for å ta steget fullt ut og flytte heim til Leirvik for godt. Å bu i Bergen hadde gitt mange gode opplevingar, men det var noko med det stille og nære livet på Heggebøen han lengta etter.

Han var og med å starte firmaet Yatek. Der jobba han nokre år før turen gjekk tilbake til Mowi, der han jobbar den dag i dag og trivast særs godt.

Monika kjem frå Banska Bystrica i Slovakia, men har budd i Hyllestad dei siste 11 åra. Vegen til Hyllestad byrja med at tanta hennar, som allereie budde i her, fortalde om trygge kår og eit godt miljø for både store og små. Gjennom henne fekk ho ikkje berre ein plass å bu, men og hjelp til å skaffe seg jobb. Monika jobbar no hjå Saim Catering ved Tersan Havyard. 

Med ein bakgrunn frå både Hotel Sognefjord og reinhaldsbransjen, har ho skaffa seg eit variert arbeidsliv og mange gode erfaringar.

Monika, som har sonen Martin frå tidlegare, er svært glad i den rolige livsstilen på Heggebøen. Ho har saman med Fredrik skapt ein varm heim for seg sjølv og for Martin. 

Martin er ein glad og aktiv gut som trivast godt i den nye heimbygda si, med mykje plass til å leike og utforske naturen rundt huset. Han likar særs godt å vere i ballbingen eller nede ved sjøen for å fiske.

På fritida er Monika, Fredrik og Martin aktive. Trening er viktig for dei, og dei finn ofte på noko gøy saman - enten det er på treningssenteret, i fotballbingen eller på fjelltur. 

Fredrik spelar fotball for det lokale herrelaget til Hyllestad Idrettslag, medan Martin spelar aldersbestemt fotball. Fjellturane er populære i familien, og dei har funne sin favoritt: Hesjetinden, som lokkar med sin majestetiske natur og fantastiske utsikt. I februar deltok heile familien på Ålesund Maraton, noko som var veldig kjekt og gav  minner for livet. 

Fredrik er med i grendalaget i Leirvik og fortel om nye spennande prosjekt som er på trappene. Frå før har grendalaget mellom anna fått på plass eit flott sanitærbygg med badstu på badestranda og ei grillhytte på Panorama.

Her kan du lese meir om aktivitetane til grendalaget i Leirvik.

Det er få ting som kan samanliknast med å vekse opp her, og gleda ved å sleppe stress og kø er stor. Om dei av og til skulle lengte tilbake til bylivet, er det kort veg til Bergen.

Hyllestad har vorte heimen deira, ein plass der Fredrik og Monika både kan arbeide, trene og oppdra Martin i eit trygt og roleg miljø. Her er alt dei treng; eit rikt fritidstilbod, fine turmuligheiter og eit aktivt lokalsamfunn med mange frivillige.