Idar

Idar Førde Blom kjem opprinneleg frå Øygarden, utanfor Bergen. Etter at han var ferdig med sin bachelor i energi byrja han å søkje på jobbar. Deriblant var stillinga som ingeniør ved plan og utvikling i Hyllestad kommune veldig interessant. Han vart innkalla til intervju, fekk tilbod om jobben, takka ja og byrja i stillinga i 2015.

Idar kom rett frå skulebenken og hadde aldri før vore i Hyllestad. Mor til Idar kjem frå Bremanger og han har feriert der mykje opp igjennom åra, så regionen var ikkje so framand for han. I tillegg var han open for nye moglegheiter og tenkte det kunne vere ei fin erfaring med eit lite sceneskifte. Idar såg føre seg at jobben i Hyllestad kunne vere ein grei inngangsportal for vidare arbeid andre stader. Han trivast godt i jobben som han tykkjer er både variert og spanande, har kjekke kollegaer og ingen planar om å slutte med det fyste.

Då han fekk tilbod om jobben fekk han samstundes hjelp frå kommunen til å få seg bustad. Han fekk tilbod om eit hus på nedre Heggebøen og har vorte verande der. Idar har funne seg vel til rette i Leirvik og er medlem av både Leirvik Grendalag og Ytre Sogn Turlag. Sistnevnte engasjerar han seg veldig i, og sit mellom anna i styret. Friluft er nemleg ein stor lidenskap og interesse for Idar.

Han seier at «om ein har interesse for sjø og fjell, so er Hyllestad midt i blinken». For Idar vert det fleire fjellturar i veka og han har forlengst utforska alle fjella i kommunen. Fjellet han har besøkt oftast er Sauesnyken, men det er mest fordi det ligg nærast huset. Favorittfjellet er Sogneskollen, som han tykkjer har ei fantastisk utsikt.

​For Idar har ikkje overgangen frå Øygarden til Hyllestad vore særleg dramatisk. Han er glad han slepp å sitte i kø til og frå jobb og han seier at mange kanskje tenkjer at avstandane er så store i Hyllestad. Men til dømes tek det berre ein time med bil til Førde, der ein har «alt» ein treng. Hadde han budd i Øygarden måtte han og ha køyrt ein time for å kome seg til Bergen og då med irriterande kø i tillegg. Men det Idar sakna då han kom til Hyllestad var ein felles møteplass, eit sentrum der folk samlast. For Idar var det avgjerande å ta del i frivillege organisasjonar for å verte kjend med folk i kommunen. Både i grendalaget og i turlaget jobbar han aktivt med å skape møteplassar for innbyggjarar slik at ein  lettare kan verte inkludert.

​Idar tykkjer det er viktig at innbyggjarane i kommunen ser på Hyllestad som eit heilt samfunn og ikkje kvar si grend. For å stå sterkt saman er det naudsynt å styrke felleskapet. Han meinar sentralisering innad i kommunen er avgjerande for å få dette til.

Noko som har vore eit stort løft for Idar og Hyllestad kommune har vore Hyllestadhallen. Den har klart å skape litt av det Idar påpeikar som ein felles møteplass. Idar har nytta seg flittig av treningsstudioet og har vore med på nokre felles treningar saman med kollegaer frå kommunen. 

​Hyllestadhallen bidreg til meir inkludering i samfunnet, noko som Idar set stor pris på!

 

"Om ein har interesse for sjø og fjell, så er Hyllestad midt i blinken"