Ina & Ole Ivar

Ole-Ivar er fødd og oppvaksen på Sognnes. Han har heile tida visst at det var gardsdrift han ville drive med og det var eit naturleg val å overta garden etter foreldra. Ina kjem frå Bergen og hadde ingen kompetanse, eller interesse av gardsdrift eller kyr. Men ho er oppvaksen med både hund og katt, og har dreve med hest heile livet.  

Då ho møtte Ole-Ivar hadde ho ikkje eingong høyrt om Hyllestad, men då ho kom på besøk vart ho fort veldig klar på at ho ønska å flytte frå byens kjas og mas til den vakre garden med plass til hestar. Og dermed vart det til at ho flytta inn i huset til Ole-Ivar. Men ungkarsbustaden hadde eit sterkt behov for ein kvinneleg «touch», så oppussing måtte til. Det tok ikkje lange tida før dei venta born, og då fekk dei plutseleg hast om å gjere huset ferdig. Etter mykje arbeid og eigeninnsats stod huset restaurert i 2015. 
 
To barn seinare føler dei at dei er på rett veg. Dei har saman satsa mykje. Det var ikkje nok med berre oppussing og ferdigstilling av hus, dei har og bygd opp selskapet Indrefjord Gard med landbruk, bygdeservice og hest. Dyrestell og gardsdrift er blitt ein felles interesse og lidenskap for ekteparet, og dei føler no at dei er eitt steg nærare å leve ut draumen. 
 
Det fine med å bu i Hyllestad er at alle kjenner alle. Folk er hyggjelege og ein støttar kvarandre. Ina og Ole-Ivar føler seg velkommen der dei er. For Ina var det uvanleg at folk sa hei til kvarandre på butikken, gjer ein det i byen vil folk sjå rart på kvarandre. Ho synast det er fint at ein er hyggeleg med kvarandre og det følast trygt. Friheita ein får på bygda er fantastisk. Spesielt når ein har små born. Dørene kan stå opne og borna kan springe rundt og styre seg sjølv. Dei får ta del i fjøsarbeid og har blitt veldig sjølvstendig.

Er det ein ting Ina absolutt ikkje saknar frå bylivet, så er det kø og mangel på parkering. Her slepp ein det og det synast ho er herleg befriande. 
 
Både Ina og Ole-Ivar har ein stor lidenskap og interesse i hest. Om dei har fritid til overs etter at alt gardsarbeidet er gjort, brukar dei den på hest. Då tek dei seg gjerne ein tur, saman med barna, og rir ut i skogen. Innimellom kan dei og ta seg fri ei helg, og då besøker dei gjerne familie i Bergen, eller drar på familiehytta i Valdres. For Ina og Ole-Ivar er det like lett å ta seg ein dagstur til Bergen, som til Førde. Med båten frå Rysjedalsvika er det ikkje noko stress. Og barna får ofte besøk frå bestemor i Bergen som kjem med båten. Ina angra ikkje på at ho valde å flytte til Hyllestad der ho og Ole-Ivar no har skapt draumelivet.

"Alle kjenner alle. Folk er hyggeleg med kvarandre og det følast trygt å bu her"