Ingrid & Christian

Ingrid Hatlem Skår og Christian Hatlem Skår bur saman med borna sine Olve og Live på Risnes i Lifjorden der dei flytta inn i nytt hus i påska 2018.

Dei valde å bygge hus på nabotomten til Ingrid sine foreldre, noko som er særs praktisk for både Ingrid, Christian, besteforeldre og borneborn.

​Ingrid er oppvaksen i Lifjorden og etter grunnskule på Hyllestad reiste ho til Høyanger for å studere frisørfaget. Christian er oppvaksen i Lavik, og etter at han var ferdig med grunnskulen reiste han og til Høyanger for å gå vidaregåande. Der møttes dei og resten er, som det heiter, historie. 

​Etter vidaregåande gjekk turen vidare til Bergen for Ingrid der ho hadde læretida si som frisør medan Christian reiste til Haugesund for å studere nautikk. 

​Begge har heile tida hatt som plan at dei skal flytte «heimover».

Og når mogelegheitane for jobb innan fag dei ynskte å jobbe med dukka opp, var valet lett. Ingrid har i nokre år jobba på Ernas Frisørstove, men skal til hausten starte opp eigen salong i frisørlokala i Britahuset på Hyllestad. Christian jobbar som prosjektleiar i Akvahub AS i Leirvik der han mellom anna jobbar med Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg for landbasert oppdrett.

​Av andre ting dei trekk fram rundt dette å «flytte heim» er nærleik til familie og vener viktig for dei. Det er eit enklare liv å bu her i forhold til ein by. Du slepp å bruke tida di på å stå i kø anten du skal til butikken, biblioteket, helsestasjon eller fritidsaktivitetar.

Det kjennest og veldig trygt å ha barnehagen så nær og dei ynskjer å gje borna sine same trygge og gode oppvekst som dei sjølv hadde.

​På fritida, i den grad ein har noko slikt når ein har små born, syslar dei med hus og hage. Med eit nybygd hus er det alltid noko å gjere anten inne eller ute. Christian er i tillegg ein aktiv og ivrig politikar i Hyllestad, han prøver og å få trene litt i Hyllestadhallen, mellom anna med innebandy. Familien har eigen båt og kort veg til sjøen, så båtliv vert det tid til. I tillegg har dei kort veg til turar i skog og mark i naturen og fjella som omkransar Lifjorden. Dette er verdiar familien Hatlem Skår set høgt.

 

​"Det er eit enklare liv å bu her i forhold til ein by"