Jeanette & Andreas

Andreas Kolgrov og Jeanette Herstad bur saman med borna Madelen, Isabell, Linnea og Phillip i Ytrefjorden i Hyllestad.

Andreas kjøpte garden dei bur på av tanta si då han var 24 år. Farfaren hans er opprinneleg frå slektsgarden som ligg i midten oppe på Kolgrov, og det var han som fyrst kjøpte Ytrefjorden, som ligg nede ved sjøen, i 1964.

​Andreas er oppvaksen i Bærum, så Kolgrov var ferieplass og seinare jaktområde for han i oppveksten. Han byrja å jakte saman med far sin då han var 5 år. Etter at faren gjekk lei av jakt har Andreas, frå han var gammal nok, jakta åleine på Kolgrov og knytt sterke band til naturen her. 

​Ytrefjorden som han kjøpte var temmeleg falleferdig etter mange år utan busetnad, men med hjelp frå far, kamerater og masse  eigeninnsats har han renovert gardshuset, ordna uteområdet og opparbeida veg ned til huset. Det var nemleg ikkje veg ned til garden i byrjinga, men ved hjelp av Jonny Helge Atterås fekk dei dette på plass og tilkomsten vart då naturlegvis noko enklare. Vegen, som han har planar om å utbetre, er noko bratt, men som Andreas seier «så lenge ein har firhjulstrekk så går det bra». 

​På sommaren tek Andreas slåtten på garden, han tykkjer det er hyggjeleg at det ser skikkelig ut. Sjølve garden er frå 1300 talet, og huset dei bur i er frå 1800 talet. Her er mange spor frå gammalt av, og når han tok over var det overgrodd av vegetasjon og prega av tidas tann. Han gjekk i gang med å «opne» opp att kulturlandskapet og rydding og restaurering av garden, og held no på med restaurering av eldhuset.

Jeanette, som kjem frå Naustdal, kom til Hyllestad i 2009. Før dette gjekk ho på skule i Hallingdal og budde nokre år i Drammen. At ho flytta til Hyllestad var nærast tilfeldig, ho hadde litt bekjentskap her og ynskte å prøve noko nytt. Ho fekk seg jobb på Spar Hyllestad, og har jobba der i 6 år no. Ho trivast veldig godt i jobben på Spar då ho har mange varierte oppgåver i tillegg til at den er veldig sosial. Andreas har fagbrev som bilskadereparatør og hadde eige firma, men måtte slutte med det av helsemessige årsaker.

​Noko av det dei tykkjer er best med Hyllestad er mellom anna den flotte naturen, her er særs gode tilhøve for jakt og fiske. I tillegg trekk dei fram Hyllestadhallen som veldig positiv, her er masse fritidsaktivtetar for borna som til dømes barneidrett, handball og fotball. Fritida går med til jakt, båt- og fjellturar i tillegg til oppfyljing av born på ulike fritidsaktivitetar. Andreas og Jeanette er glad for at borna kan vekse opp på ein liten plass som Hyllestad, og den tryggheita som er her.

​Dei vil og skryte av Kåre Olav og gjengen på DV-avdelinga til Hyllestad kommune. Dei stiller opp og yter særs god service både når det gjeld veg og vatn. Dette set Andreas og Jeanette stor pris på.