John Gerick

John Gerick Bårøy er oppvaksen og busett i vakre Lifjorden i Hyllestad.

John Gerick Bårøy er 28 år, oppvaksen og busett i vakre Lifjorden i Hyllestad. Etter at John var ferdig med grunnskulen på Hyllestad, gjekk han 2 år på Bygg og Anlegg ved Dale vidaregåande skule. Etter at han var ferdig der byrja han sjå seg om etter lærlingplass. Dette var vanskeleg å oppdrive grunna nedgangstider i byggebransjen så han fekk seg jobb på Spar Hyllestad, og jobba der i omlag 1. år.

​Det var i denne perioden han for alvor byrja kjenne på dei sterke tilhøyrigheita han hadde til kommunen. John bestemte seg for 2 nye år på skule, eitt på elektro i Førde og deretter eitt i Høyanger, men var aldri i tvil om at han skulle attende til Hyllestad. Det har han ikkje angra eitt sekund på og i 2012 byrja han som lærling hjå Sunnfjord Energi og tok fagbrev i 2015.

​På fritida er John særs aktiv og ein person du ofte treff i lokalsamfunnet i mange anledningar. Han er mellom anna leiar for fotballgruppa i Hyllestad Idrettslag, og har tidlegare hatt ansvar for A-laget ein 4-5 års periode som spelande trenar. Dette var noko han eigentleg ikkje ville, «men eg tykte det var for gale at det ikkje skulle bli noko A-lag».

​I 2019 vann John Gerick Kvernsteinsprisen. Noko av grunngjevinga for at John fekk prisen var: «Prisvinnaren er ein stor ressurs på mange måtar, med positiv innstilling, og er alltid smilande!»

​Han er leiar i Lifjorden Bygdelag og har tidlegare vore leiar for friidrettsgruppa i idrettslaget. Nokre sesongar har han vore trenar for fleire ulike fotballag medan han sjølv spelte på A-laget. Med så mange verv tykkjer John ofte at vekene og dagane vert for korte men han trivast likevel godt med all aktiviteten han er med på.

​Han brenn spesielt for Bygdelaget i Lifjorden. Her er det mange dugnadstimar som vert nedlagt og han set stor pris på sine sambygdingar som alltid stiller opp for å hjelpe til. 

​Noko av det John tykkjer er best med å bu i Hyllestad er den storslagne naturen og det at ein slepp å stå- eller køyre i kø. Her er meir enn nok å gjere på, og at «alle kjenner nesten alle, og er på hels» er viktig for han.

Han likar turar på fjorden, enten med vener eller åleine, for å fiske og dra krabbeteiner. Turar på fjellet set han og pris på, og om han får lyst på ein bytur er avstanden til både Bergen og Førde kort. John er relativt glad i mat, og ein burger slår aldri feil. Han er og særs god på å sei ja til ting, dette gjeld sjølvsagt og om nokon tilbyr mat!

​Elles tykkjer han at Hyllestadhallen har gitt kommunen ein flott samlingsplass. Hyllestad Biljardklubb fekk seg nye og fine lokale. Og når det ser ut til at ein kan fylle 3 område på størrelse med den gamle gymsalen på Hyllestad med aktivitet kvar dag, er det ei bekrefting på at Hallen var ei særs god investering. 

 

"Hyllestadhallen har gitt kommunen ein flott samlingsplass"