Juliia Fesak

Korleis eg fann meg ny heim i Hyllestad.

Julia Fesak kom til Noreg frå Ukraina, frå byen Tsjerkasy, den 1. november 2022. Ho landa  i Oslo, og reiste vidare til Kongsberg, der ei klassevenninne hadde budd i over 20 år. Saman med dottera si, søkte ho ein trygg stad å starte eit nytt liv.

Etter kvart vart ho busett i Hyllestad, ein liten, men varm og inkluderande kommune der ho no har budd i to år. I tillegg bur far hennar på Sørbøvåg.

Før ho flytta hit, visste ho lite om plassen, men vart glad då ho fekk vete at ho skulle bu i Hyllestad. Det fyrste som gjorde inntrykk på ho var det majestetiske Lifjellet, som ruvar i landskapet.

Allereie frå første dag opplevde ho venlege og opne menneske. Den fyrste helga vart ho invitert til kyrkja for å feire ei lokal høgtid, og ho kjende seg velkomen i fellesskapet. Folk i Hyllestad verdset tradisjonar, tek vare på kvarandre og hjelper nyankomne til å bli ein del av samfunnet.

I tillegg til folka, vart ho imponert av den vakre naturen – djupblå fjordar, frodige skogar, frisk luft og ei ro som ein berre finn på slike stadar. Alt her er lagt til rette for at innbyggjarane skal ha det godt, til dømes gode hus, god infrastruktur og velstelte fellesområde.

Julia er utdanna revisor i Ukraina, men ho har jobba heile livet som salgsrepresentant innan matvareindustrien.I Noreg trong ho ikkje å skifte yrke, då ho fekk seg jobb som butikkmedarbeidar. Dette er noko ho har erfaring med heilt frå ungdomen.

Julia har hatt praksis i butikk for å bli kjend med den norske arbeidsmarknaden, lære språket og forstå korleis handelen fungerar. Etter kvart oppnådde ho nivå A2 i norsk, noko som gjorde det lettare å få fast jobb.

No jobbar ho i butikk på Sørbøvåg, og ho har ekstrajobb innan reinhald. Arbeidsoppgåvene hennar inkluderer varemottak, reinhald, kundeservice, utlevering av pakker og vedlikehald av kaffimaskina. Ein av dei viktigaste faktorane for trivsel på jobb har vore støtta frå sjefen og kollegaene. Arbeidsgjevaren hennar har vore tålmodig og hjelpsam, og ho har fått god opplæring. Kollegaen Akin har ikkje berre vore ein arbeidskamerat, men òg ein god ven.

I Noreg er det ingen som ser ned på nokon for at dei ikkje snakkar perfekt norsk – folk er tolmodige og støttande. Særleg viktig er dette i ein butikk, der mange eldre kundar set pris på ein god prat.

Å bu i Noreg har gitt Julia fridom og tryggleik. Med hjelp frå kommunen kunne ho kjøpe bil, noko som gjorde kvardagen hennar mykje enklare. Ho betalte ned heile bilen i desember, noko ho er utrulig takksam for.

Hyllestad er ikkje berre ein stad med gode jobbmoglegheiter – her finn ein eit aktivt og inkluderande samfunn. Julia har vorte inspirert av den norske livsstilen og har byrja å trene på treningssenter, gå turar i naturen, delta på kulturarrangement og vere med på frivillig arbeid.

Ein av dei mest minneverdige opplevingane hennar var ein øy-ekspedisjon med overnatting på ein båt. Ho og ei gruppe frivillige skulle rydde plast på øya, men dei hamna feil og måtte reise vidare med motorbåt til rett stad. Dette vart eit eventyr ho aldri vil gløyme.

I Hyllestad er miljøbevisstheit svært viktig – folk tek vare på naturen, held områda reine og deltek i ulike prosjekt for å betre miljøet. Kommunen legg til rette for at innbyggjarane skal ha det godt – med idrettsanlegg, kulturliv og opne fellesområde.

Gjennom tida i Hyllestad har Julia funne nye interesser, som strikking og yoga. Far hennar har òg inspirert henne – han badar i fjorden året rundt og deltek aktivt i frivillig arbeid.

Eit anna høgdepunkt var ein veldedig middag med loddsal, der folk samla inn pengar til gode formål. Fellesskapet og engasjementet i Hyllestad er noko heilt spesielt, meiner Julia. No som ho har funne seg til rette, har Julia sett seg nye mål. Ho vil nå B2-nivå i norsk innan to år og deretter ta ei spesialisering innan sal og leiing. Målet hennar er å bli salsleiar, sidan ho har mykje erfaring og kunnskap innan feltet.

Juliia sine råd til andre Ukrainske arbeidssøkjarar i Noreg

 

Juliia trur at det viktigaste for å finne jobb er kommunikasjon og nettverksbygging. Det var gjennom å prate med folk ho fekk sin andre jobb.

 

Hennar beste råd:

  • Ver sosial og aktiv – jobb kjem ofte via kjende.
  • Ikkje ver redd for å prøve ulike jobbar. 
  • Ver open for uløna praksis i starten – det gir erfaring og nettverk. 
  • Ikkje ver redd for å snakke feil norsk – det viktigaste er å prøve!
  • Ikkje sjå ned på fysisk arbeid – i Noreg blir alle yrke respektert.
  • Ver tålmodig og ærleg.

 

I dag kjenner Julia at Hyllestad har blitt hennar nye heim. Her har ho møtt venlege og opne menneske, vakker natur, spennande moglegheiter og ei kjensle av tryggleik. I denne vesle kommunen har ho funne stabilitet, nye mål og ei framtid ho ser fram til.