Kim Ronny

Kim Ronny bur på Sørbøvåg, fødd i Florø og oppvaksen i Bremanger. 

I oppveksten jobba han med fiske- og fiskeindustri. Han flytta til Hyllestad på grunn av biljarden.

Kim Ronny er nemleg ein lidenskapeleg biljardspelar og brukar mykje av tida si i Hyllestadhallen. Han er Noregs einaste biljardspelar som sit i rullestol. Grunnen til at han hamna i rullestol er ein uhyre sjeldan kreftsjukdom. Biljard er medisin for Kim Ronny, både mentalt og fysisk. Han deltek på biljardturneringar i både inn og utland så ofte han kan.

Sjølv om Hyllestad er ein liten kommune så tør ein å satse. Han tenkjer då særskilt på Hyllestadhallen og nemner den og biljardsatsinga i HIL som hovudgrunn til at han flytta til kommunen. 

Hovudinteressa er sjølvsagt biljard. Men i tillegg til den driv han litt med handarbeid, mellom anna tre- og lærarbeid. Istadenfor å kjøpe ting han treng, lagar han dei heller sjølv. På denne måten får han brukt både hovud og hender.