Linn & Idar

Linn Kristin Silden og Idar Kristian Gjervik har flytta heim til Skifjorden på garden til Idar sine oldeforeldre.

Fram til no har huset og garden stått ubrukt i ti år. Sjølv vaks Idar opp i huset som ligg rett nedanfor, og her bur foreldra hans framleis.

Linn og Idar traff kvarandre i Stryn der dei begge budde og jobba. Frå før har Linn fire born og Idar to. Så når alle er samla er dei ein stor familie. Linn og Idar har ofte vore heime hjå foreldra til Idar på ferie. Då skulane vart stengde grunna korona var dei der saman med borna over ein lengre periode. Tanken om å flytte heim hadde vore oppe til diskusjon ved fleire høve, men no fekk dei verkeleg testa det ut.

Dei leigde på dette tidspunktet et hus i Stryn og hadde dei siste åra følt at dei byrja gå litt på tomgang og var klar for ei forandring. Linn har budd i Stryn heile sitt liv og Idar sidan 2001. Dei siste åra har Linn vore sjuk og har ikkje vore i stand til å jobbe, men då ho kom til Hyllestad var det noko som letta. Naturen og omgjevnadane her gjorde at trivselen og arbeidslysta kom tilbake.

Etter å ha vore i «lockdown» i Hyllestad i nokre veker var dei sikre på at dei ville flytte hit, og i midten av juni var dei på plass. Fyrste månadene dei budde her var det som å vere på ferie. Då var også barna her og dei hadde mange kjekke dagar saman. Men kvardagen kjem og i Skifjorden, og borna måtte tilbake til Stryn. Då merka dei at det vart stille i huset og på garden, men heldigvis kjem borna på besøk annakvar helg. I mellomtida er det nok å henge fingrane i, og Linn og Idar har ikkje akkurat lagt på latsida den korte tida dei har vore her.

Dei har fiksa opp fjøsen slik at dei kan ha dyr, og no har dei hestar, sauer, kaniner og høns. Linn seier det har vore godt med eit sceneskifte og ho er stolt over kva dei har fått til i huset og i fjøsen på so kort tid. Ho har alltid hatt ein draum om å bu på gard, og her får ho verkeleg leve ut draumen sin.

Idar jobbar turnus som miljøarbeidar i Fjaler, noko som betyr at han er vekke fire dagar i strekk. Han er imponert over alt Linn får gjort medan han er på jobb. Det er mykje som må gjerast på ein gard, spesielt når ein har so mange dyr. For Idar hadde det vore heilt umogleg å kombinere den jobben han har med gardsdrift utan ein sambuar som ordner opp, når han er på jobb.

Men for Linn er dette terapi. Ho elskar å jobbe på garden og stelle med dyra. Etter at dei fekk hest har det sjølvsagt vorte meir krevjande. Kvar onsdag jobbar Linn på SFO på Hyllestad Skule. Når Idar er vekke på jobb, får Linn hjelp av mor til Idar med hestane når ho sjølv er på jobb. Dette er noko paret set veldig stor pris på. Dei får mykje hjelp av foreldra til Idar.

Linn trivast veldig godt i jobben på SFO. Ho er glad ho er komen litt tilbake til arbeidslivet, men grunna sjukdomen må ho ta ting gradvis. Linn tykkjer ho er blitt tatt veldig godt i mot, både på jobb og elles i lokalsamfunnet. Både ho og Idar er einige om at ein får senka skuldrene her. Det er ikkje det same presset som det var i Stryn.

No når dei har fått eit innblikk i kva som finnast av fritidstilbod i kommunen seier dei at det ikkje er noko dårlegare enn i Stryn. Dei opplever også at born og unge i Hyllestad er mykje flinkare til å vere ute og leike. Paret tykkjer Hyllestad er mykje meir sentralt enn Stryn om ein ser på avstandar.  Hyllestad ligg midt i Vestland og det er ikkje lange vegen med bil til Dale, Førde eller Bergen - i tillegg slepp ein kø!

Fritida til Linn og Idar går for det meste i gardsarbeid og oppussing av hus og møblar. Linn har stor interesse for interiør og er oppteken av gjenbruk og å ta vare på gamle skattar. Dei har funne mange gamle ting i skuffer og skap som dei har fiksa opp, til stor glede for Idar sin familie. Linn er ofte på gjenbruksstasjonen i Staurdalen og har funne mange flotte ting også der.

Idar er veldig glad i musikk og komponerer sine eigne låtar. Førebels er det kun ein hobby. Han likar også veldig godt å bygge og fikse på ting, så han bistår gjerne Linn når ho treng ei hjelpande hand på eitt av interiørprosjekta sine. Han jobbar også ein god del i fjøsen der dei til no har bygd stall til hestane og båsar til sauene, samt eit område til høns og kaniner.

Elles har dei begge ein stor interesse for dyr. Tanken er at dei skal etablere ein form for besøksgard og dyreterapi. Idar har erfaring med dette gjennom jobben sin som miljøarbeidar og han ser gleda det gjev brukarane. Dyr er terapeutisk for menneske i alle aldrar. Dei håpar med tida å få til ein «Inn på tunet» gard, der born og unge som har det vanskelig eller slit på skulen kan komme å få stelle dyr og delta i gardsdrifta.

Til våren vil Idar lage gapahuk ved Sellevolltjønna, som ligg like ved garden deira og til sommaran håpar dei å få plass ei ridebane.

Paret har mange tankar og ideear og det er berre økonomien som set ein stoppar. Dei må difor ta ting litt etter litt. Idar og Linn har veldig lyst at andre skal få moglegheit til å sjå alt det kjekke dei har på garden, og om dei får tid og koronaen tillet det, vil dei veldig gjerne arrangere ein open gard før jul for born og vaksne.

 

«Naturen er heilt fantastisk. Her kan du gå direkte frå huset og ut i marka, og plutseleg er du på ein utsiktstopp»