Margot og Tom

Margot Espedal og Tom Torvund bur saman med borna Edel Marie, Viljar, Ronja og Audun på Hatlemstranda, midt mellom Hyllestad og Sørbøvåg. Her trivast dei godt, med flott utsikt til fjorden og Lifjellet

Hyllestad Info er på besøk ein tysdagskveld, litt etter «beste leggetid» for små born, men vesle Audun har ikkje tenkt å køye heilt endå. Margot fortel at han jobbar litt med tenner, men er likevel blid som ei sol!

Tom er fødd og oppvaksen i Hyllestad, og gjekk sine fyrste år i barnehagen og barneskulen på Øen. Både barnehagen og barneskulen var lokalisert der Sogn Hostel no held til. Når han skulle til i 3. klasse vart det vedteke skulesamanslåing i Hyllestad, og alle grendaskulane vart samla til ein felles skule på Hyllestad. 

Etter at han var ferdig meg grunnskulen gjekk turen til Høyanger og etter kvart Dale og Førde for vidaregåande skule. Han fann seg ikkje heilt til rette, og turen gjekk vidare til Olden der han jobba som bilmekanikar i om lag 3 år og fekk seg kompetansebevis som bilmekanikar.

Han har og jobba hjå Anleggsgartner Baarøy AS, køyrt budbil for EM Distribusjon, og vore sjåfør hjå Kårstad AS. Desse jobbane førte til at han var mykje vekke i vekene, og det var naturlegvis vanskeleg å kombinere med livet som småbarnsfar. Tom jobbar no hjå Veidekke, og satsar på å få litt meir tid heime.

Margot kjem frå nabokommunen Fjaler, nærare bestemt Hellevik. Her gjekk ho på skule til ho skulle til i 7. klasse, og då gjekk turen til ungdomsskulen på Våge. 

Etter grunnskulen gjekk vegen vidare til Dale og vidaregåande. Ho likar å hjelpe- og vere i kontakt med folk, så valet fall på helse og oppvekstfag. Ho jobba litt i barnehage og skule i Dale etter endt utdanning, men fann seg ikkje heilt til rette. 

Margot og Tom hadde kjent kvarandre i nokre år før dei i 2013 vart eit par. Etter at dei vart sambuarar, flytta dei begge til Innvik sidan Tom jobba i Olden. Margot dreiv då med nettstudiar, og jobba på sjukeheimen i Innvik. Etter dette flytta dei saman til Sande, og Margot starta i jobb hjå Brilleland i Førde. Etter nokre år der byrja ho å jobbe på sjukehuset.

Etter ei stund på Sande bestemte dei seg for å ta med borna og flytte til Hyllestad. Dei ville bu nærare familien, og hadde bruk for eit stort hus med god plass.

Huset på Hatlem passa fint både med tanke på beliggenheit og pris. Her bur dei nær familie, Tom på Sørbøvåg og Margot på Hellevik, har god tilgang til sjø og fjell, og akkurat passe avstand til naboar. Sjølv om det var fint å bu på Sande føler dei seg meir heime her.

Med 4 born i hus, frå 12 år og nedover vert det ikkje veldig mykje tid til fritidsaktivitetar for mor og far. Margot likar veldig godt å gå på turar i skog, mark og fjell når ho finn tid til det. Borna deltek på både fotball og barneidrett, så det går ein del tid til oppfylgjing og køyring der.

Til slutt vil dei trekke fram Hyllestad skule og Hyllestad barnehage. Dei tykkjer både skulen og barnehagen er særs flinke å nytte naturen og uteområdet. Mottakinga borna fekk ved oppstart både i skule og barnehage var heilt strålande!