Morten

Morten bur i Myklebustlia i Hyllestad, ein stad han trivast særs godt!

Han er opprinneleg fødd og oppvaksen i Bergen, der han og utdanna seg til lærar. Etter endt utdanning, budde og jobba han eit år på Toten, før han fekk seg jobb som lærar i Askvoll.

Han var busett i Askvoll då han fekk seg jobb på Hyllestad skule, og etter nokre år med pendling bestemte han seg for å flytte til Hyllestad.

​Samtidig som han brenn for læraryrket har Morten alltid vore oppteken av politikk. Han gjekk inn i Senterpartiet og sat som ordførar i Hyllestad i perioden 2015-2019. Gjennom jobben som ordførar vart han veldig godt kjend med kommunen, og er veldig glad for at han har vore folkevald representant i kommunen sidan 2011.

Når Morten vil slappe av, set han seg ofte på verandaen sin i Myklebustlia og ser på liv og røre på bana medan han nyt solnedgangen med utsikt mot Lihesten og Alden.Han tykkjer det er veldig mykje kjekke folk i Hyllestad og tykkjer det er sentralt med kort veg til både Bergen og Førde.

​Om ein ynskjer å vere aktiv, er det veldig lett i Hyllestad då her er særs mange tilbod, enten gjennom organisert trening eller turar i skog og mark. Ein middag på Hotel Sognefjord i Leirvik i ny og ne gjer seg og. 

​Morten er ein aktiv kar med mykje frivilleg arbeid på fritida, han er mellom anna leiar for Hyllestad Idrettslag og med i leiinga i Kvernsteinslauget. I tillegg er han handballtrenar og spelar av og til biljard. Familie og vener i Askvoll og Bergen er viktig og han besøker dei så ofte han kan. Den beste tida for Morten er hytte- og båtturar i Askvoll med nevøane. Den er ubetaleleg.