Simon og Christine

Hyllestad info treff Simon Skivenesvåg og Christine Gjøen Bøe i huset deiras i Myklebustfeltet på Hyllestad. Huset ligg sentralt til på Hyllestad, med kort veg til mellom anna fotballbana, Hyllestadhallen og Spar.

Simon er fødd og oppvaksen på Skiveneset i Hyllestad som yngstemann i ein søskenflokk på 3. Grunnskulen gjekk han på Hyllestad. Fyrst 2 år i Prestefjæra, der barnehagen er no, før turen gjekk lenger oppgjennom vegen, til Hyllestad Skule. Christine er frå Leirvik, der ho vaks opp med 2 søstre. Ho gjekk i første klasse på Leirvik skule, og deretter Hyllestad når Leirvik skule var nedlagt.

Ho fekk tidleg interesse for fotografering, så ho kjøpte seg speilreflekskamera og sette kursen for Media og kommunikasjonslinja i Sogndal etter at ho var ferdig med grunnskulen. Etter dette har ho mellom anna gått på folkehøgskule i Bergen, tatt bachelor i idrett - fysisk aktivitet og helse ved høgskulen i Sogndal, og vore utvekslingsstudent i Australia.

Simon er oppvaksen nær sjøen på Skiveneset, og det har nok vore med på å påverke både fritidsinteresser og utdanningsval. Heilt sidan han var gammal nok til det, fanga han krabber saman med ein kompis og var med far sin på jobb ved ulike havbruk. Han kjøpte seg sin eigen trebåt då han var 15 år gammal. og etter grunnskulen i Hyllestad gjekk turen til Måløy vidaregåande skule si linje for Naturbruk og vidare til Akvakultur.

Etter at han var ferdig der fekk han seg lærlingkontrakt hjå Firda Sjøfarmer og tok fagbrev.

Etter at Christine kom heim frå opphaldet i Australia prøvde ho ulike vikarjobbar, og jobba mellom anna hjå Saim Catering. Ho fekk seg sommar/vikarjobb i Mowi og etter kvart fast jobb i Firda Sjøfarmer. Her vart interessa for akvakultur for alvor tend. Ho innrømmer at ho er «noko arveleg belasta», då ho har ein far som har jobba mange år i bransjen. Det var hjå Firda Sjøfarmer Simon og Christine traff kvarandre for om lag 5 år sidan.

På fritida likar dei å trene, Christine med styrketrening og Friskis og Svettis. I tillegg likar ho fotografering og planter. Simon likar fortball og har tidlegare vore keeper for Fure og Hyllestad. Han har og dreve med dykking og vore med i Korssund Dykkarklubb. Sidan han har eigen trebåt liggande på Skiveneset, går ein del av fritida til med å fikse på denne.

Elles likar Christine og Simon godt å reise og har mellom anna vore i Peru, der dei besøkte Machu Picchu. I tillegg har dei vore innom Slovenia, Austerrike og England.

Dei vert fort stressa av by-liv, og beskriv Hyllestad som ein trygg plass å vekse opp, med naturen rett utanfor døra, og kort veg til trening og aktivitet. Dei vil og nemne peparkakebygda i Prestegarden, den tykkjer dei og er veldig fin, og eit positvt innslag i Hyllestad.

Elles dei tykkjer dei det var særs kjekt at det dukka opp ei frisbeegolfbane i Leirvik. Den ligg på Haukåsen, kun få minutts køyretur frå Leirvik sentrum. 

Her kan du forresten lese meir om den, om du og har lyst å prøve!