
Hyllestad Info ønsker å dele nokre av deira historiar for å gjere dei betre kjent med lokalsamfunnet vårt og synleggjere mangfoldet og styrken dei tilfører. I den samanheng er vi glade for å ha Sofiia Shuganova, som sjølv kjem frå Ukraina, med på laget for å gjennomføre intervju og fortelje historiane til nokre av dei nye innbyggarane i Hyllestad kommune.
Før vi publiserar fyrste intervju, viI Sofiia fortelje litt om seg sjølv:
Eg heiter Sofia, er 28 år gammal og kjem frå den vakre Ukrainske byen Odesa. Eg har budd i Noreg i åtte månadar, på den idylliske staden Leirvik.
Yrkeskarriera mi starta i Ukraina, der eg etter å ha fullført høgare utdanning i kulturvitskap, dedikerte meg til journalistikk. I over tre år arbeidde eg på Odesa TV, der eg laga reportasjar og intervju.
Det var i denne perioden eg innsåg kor viktig det er å fortelje inspirerande historier som sameinar og motiverer samfunnet.
Etter å ha flytta til Noreg, held eg fram med favorittarbeidet mitt og skriv no artiklar for nettsida Hyllestad Info som er dedikert til innbyggjarane i regionen vår.
Eg er spesielt interessert i å introdusere lesarane for menneske som bidreg til utviklinga av kommunen, inspirerer med sitt eksempel og gjer verda rundt oss betre. Eg er overtydd om at kvart menneske er unikt, og at bak kvar suksess ligg det ei spesiell historie som fortener merksemd.
For meg er arbeidet som journalist ikkje berre eit yrke, men ei moglegheit til å vere ein formidlar mellom menneske og historiane deira, avdekke talenta og prestasjonane deira.
Eg ynskjer at innbyggjarane i Hyllestad, gjennom artiklane mine, skal kunne vere stolte av kommunen sin og bli inspirerte av døma til sambygdingane sine.
På fritida elskar eg å reise, bli kjend med nye menneske og tradisjonar. Eg er takksam for den varme mottakinga i Hyllestad kommune og for moglegheita til å dele historier om dei fantastiske menneska som gjer regionen vår så spesiell.