Hyllestad Info
4 av desse; Thea, Øyvind, Synne og hunden Nancy bur i eit koseleg lite hus med nydeleg utsikt over Lifjorden.
Thea Pedersen Johannessen er fødd og oppvaksen i Lifjorden i Hyllestad. Her vaks ho opp i flotte omgjevnadar med mor, far og to yngre brødre. Etter at ho var ferdig med grunnskulen, gjekk turen vidare til Dale der ho gjekk helse og oppvekst + påbygg. Etter endt skulegang i Dale, reiste ho til Bergen og gjekk vernepleien der.
Øyvind Einen er oppvaksen som yngstemann i ein søskenflokk på 3, på Grytøyra i Ytre Fjaler. Det var her- på ein av dei berømte (eller berykta, alt etter som) bygdefestane, han og Thea møttest for fyrste gong.
Øyvind tok sine fyrste steg på Grytøyra, og gjekk grunnskule på Våge. Etter at han var ferdig med grunnskulen reiste han til Sandane og gjekk musikklinja der. Det neste som stod for tur for Øyvind var forsvaret og litt jobb. Som med Thea, gjekk turen etter dette vidare til Bergen og studiar. Her tok han Master som grunnskulelærar for 5-10 klasse.
Etter at dei var ferdige med sine respektive utdanningsløp i Bergen valde Thea og Øyvind å vende nasene heimover. Dei var no sambuarar, og det vart sjølvsagt eit tema kor dei skulle bu. Som naturleg er, hadde Øyvind lyst å bu i Ytre Fjaler medan Thea hadde lyst å bu i Hyllestad. Valet fall til slutt på Hyllestad, noko vi i Hyllestad sjølvsagt er særs glade for.
Etter ei stund som fastbuande i Lifjorden, kom vesle Synne til verden. Thea og Øyvind set stor pris på den tryggheita det gjev born (og foreldre) å vakse opp i Hyllestad. Dei tykkjer det er flott at kommunen satsar, og bygger ny skuledel, samt oppgraderar barnehagen. Når ein ser at kommunen prioriterer desse tinga, samt bygginga av Hyllestadhallen, gjorde det valet med å busette seg i Hyllestad lettare. Dei trur at dette er nokre av grunnane til at ein del unge har flytta tilbake- eller vel å busetje seg i Hyllestad.
Thea har alltid vore oppteken av dyr og dyrestell, og er særs begeistra for hestar. Ho har alltid hatt lyst å ha sitt eige gardsbruk, eller lokal zoologisk hage som nokon vel å kalle det.
Vi kjem no tilbake til namnerekkja i byrjinga av artikkelen.
Noko av det fyrste som møtte meg på vegen ned til huset til Thea, Øyvind og Synne, er Dilly, Dolly, Dimpels, Doris og Dina.
Dei siste 5 her er ender.
Det er i og for seg ikkje så oppsiktsvekkande, men det som fekk meg til å heve eit augebryn, er at anda som dei kallar Dina, er ein gut. Underteikna har alltid trudd at Dina er eit jentenamn, men verden er jo stadig i endring.
Forklaringa på dette «mysteriet» er at når dei kjøpte endene, trudde dei at alle var jenter. Dette viste seg å ikkje stemme 100%, då dei etter ei stund oppdaga at Dina faktisk var ein gut. Når underteikna spør om dei har vurdert å endre namn på Dina til noko meir «gutete», så er svaret nei. Som Thea sa når andegjengen kom vaggande mot oss: «Dina er jo litt femi då».
Underteikna tenkjer at Thea kanskje har eitt poeng, men at det kanskje ikkje er så rart han er litt femi, når han har kvekka saman med 5 jenter over lengre tid, og vorte kalla Dina?
Han ser uansett ut til å kose seg😊
Thea og Øyvind er begge tilsette i Hyllestad kommune. Ho jobbar i heime- og miljøtenesta hjå Hyllestad omsorgssenter, og han på Hyllestad skule som lærar. Thea har hatt ei stipendordning med kommunen, og jobba i helsesektoren i Hyllestad, fast tredjekvar helg sidan ho var 17 år. Dette er eit opplegg ho er strålande fornøgd med.
Øyvind har funne seg godt til rette på Hyllestad skule med gode kollegaer og greie elevar. Han tykkjer arbeidsmiljøet er topp og at elevtalet på skulen er akkurat passe. At Øyvind er musikklærar er nok og kjærkome for Hyllestad skule, då desse verkar vanskeleg å få tak i.
Dei tykkjer det skjer mykje i Hyllestad, med fritidsaktivitetar på rekke og rad. I tillegg til alt Hyllestadhallen har av tilbod, som mellom anna treningssenter som dei begge nyttar, nemner dei aktive bygde- og grendalag, Sommargry, Kvernsteinsmarknad og aktivitetar i parken, Haukås Diskgolfbane og badstu i Leirvik. Og dersom ein har ein ide om nye aktivitetar, er dette mogeleg å realisere då her er mange å diskutere det med- og få hjelp av til å dra ting i gang.
I tillegg til å vere småbarnsfar er Øyvind musikar med piano og gitar som hovudinstrument, så mykje av fritida går med til dette. For tida er han engasjert som musikar på revy i ytre Fjaler, og kabaret på Åfjorddalen. Om du ikkje finn han på ein av aktivitetane som allereie er nemnde, er det stor sjans for at han er på sjøen og fiskar.
Mykje av fritida til Thea går naturlegvis med til oppgåver knytt til det å vere småbarnsmor, sjølv om vesle Synne er snill og har sove godt sidan ho vart fødd. I tillegg prøver ho å få tid til litt trening på treningssenteret i Hyllestadhallen, og å stelle med dyra.
Thea og Øyvind har planar om å bygge seg hus i Lifjorden, og ventar på godkjenning frå statleg hald om å få setje spaden i jorda. Tomta dei har sett seg ut er nærare sjøen, enn der dei no bur på Lekva. Der vil det vere lettare med mellom anna bussforbindelse når Synne skal til på skulen år den tid kjem.
Takk for praten Thea og Øyvind!