Torhild

Torhild er fødd og oppvaksen i Bergen men bur no på Hyllestad saman med hunden sin Kaiza. Frå hagen og huset sitt har ho kjempefin utsikt over Hyllestadfjorden

Hund er, og har alltid vore, viktig for Torhild. Heilt frå ho var 8 år har ho hatt mange ulike hunderasar, mellom anna Beagel, Golden Retriever, Bouvier og Rottweiler. I tillegg har ho hatt ansvar for ein schæferhund i ett år. 

​Torhild og familien bestemte seg for å flytte frå Bergen for å sleppe eit stressande byliv og sjukdom i form av allergiar. Dei fann ut at Hyllestad var ein perfekt plass for dei å bu, så dei pakka flyttebilen og reiste frå Bergen.

​Ho er mellom anna utdanna hundeinstruktør frå Fjellanger hundeskule, og har helde fleire hundekurs tidleg på 90 talet, både valpekurs, lydigheit og bruks. Etter at ho kom til Hyllestad har ho prøvd fleire ulike jobbar, til dømes som avløysar, barnehagetilsett, pleiemedhjelpar og ved lensmannskontoret i Hyllestad. Men grunna sterke allergiske plager vart ho til slutt uføretrygda.

​Mange har nok sett Torhild og hunden Zanto både i aviser og på TV. Zanto var ein grå storpuddel som kunne mange triks, noko dei har vist fram i barnehagar, på skular og sjukeheimar både i Hyllestad og i nabokommunar. Du kan lese meir om hundane til Torhild og alle aktivitetane deira på nettsida hennar.

​Til tross for at Torhild har dysleksi, med vesentlige lese og skrivevanskar, har ho skreve fleire bøker. Dette er barnebøker, fagbøker om hund og ein spenningsroman. Ho sleit gjennom heile skuletida med skriving og lesing, men jobba mykje med seg sjølv og skreiv mykje kvar dag for å verte betre. Torhild har brukt mange av erfaringane sine gjennom ulike jobbar, og sine allergiske plager til å skrive bøkene. Du finn meir informasjon om bøkene på nettsida hennar.

​Noko av det ho tykkjer er fint med Hyllestad er at det er mykje urørt natur. Her er turstiar for alle, same kva kondisjonsnivå ein er på - og ein slepp og å gå i kø når ein skal på tur!

På fritida går ho mykje tur og trenar med hundane. Då går ho gjerne utanfor merka stiar og ein av favorittane er frå Lifjordvegen til Kolgrovheia.  Elles tykkjer ho det er veldig fint på Nesje for ulike aktivitetar. Familien har båt i båthamna på Hyllestad og kort veg til sjøen, det tykkjer ho er fint.

Ho jobbar og med å skrive fleire bøker, i tillegg vil ho lage sine eigne filmar om hundane. Her redigerar og lagar ho alt sjølv. Ho seier at dersom du er proff vil du nok rive deg i håret over kvaliteten, men ho satsar på at det går bra likevel!

Ta deg ein tur innom nettsida til Torhild her: tomaha.com