Friskis & Svettis


Friskis & Svettis starta i 1978, med ein visjon om å tilby lett tilgjengeleg og lystbetont trening av høg kvalitet for alle. I Hyllestad vart Friskis & Svettis etablert i 2003. 

Litt historie

Initiativtakar Cecilie Løvø Amundsen ville sjå om det var grunnlag for å etablere tilbodet i Hyllestad etter at ho hadde vore instruktør eit år i Førde først. Det vart fort klart at Hyllestadbuarane ville ha eit slikt tilbod, og i 2004 vart Friskis & Svettis Hyllestad skipa som eige lag.
Medlemsmassen har vore stabil med omlag 40-50 medlemmar frå starten, og fram til idag.

Friskis & Svettis sine aktivitetar

På alle treningar har Friskis & Svettis eigne vertar, som tek imot deg og ynskjer deg velkommen til trening. Vertane har og som oppgåve å rigge opp og ned musikkanlegg, klargjere matter, justere lyden på musikken under timen, og passe på at alle har det bra under trening. Alle vertar og instruktørar gjennomgår jamnleg førstehjelpskurs. Funksjonærane jobbar dugnad i idrettslaget Friskis & Svettis og får godt betalt i form av fysisk aktivitet. Dette gjev ei god helse og meir energi, som igjen gjer kroppen sterkare!

Instruktørane i Friskis & Svettis må gjennom grundig opplæring for å verte godkjende, og på det meste var dei 6 instruktørar. Instruktørane får opplæring i korleis lage program som skal passe i takt, rytme og puls i samsvar med gjevne retningslinjer, som innebærer styrke, kondisjon og smidigheit. Å lage desse programma er særs tidkrevjande, då alt skal passe til dei ulike intensitetane i dei ulike programma. Alle treningane føregår til musikk i Hyllestadhallen. Måndagar er det «Puls-basis: Energisk kondisjonstrening utan hopp», og torsdagar «Morosamt og energisk»-utan hopp frå kl. 19.15 og ein time utover. På det meste har dei vore omlag 60 personar på treningane

Kvart andre år deltek representantar frå Hyllestadforeininga på Friskis & Svettis dagane i Oslo. Her møtast mange hundre funksjonærar frå alle dei 42 foreiningane landet i tillegg til andre land. Friskis & Svettis dagane er til stor motivasjon, og den største inspirasjonskjelda for funksjonærane, der ein får prøve ulike treningsformer og ein utvekslar idear ilag. Trening for alle, velvære og "vi gjer dette fordi det er GØY", er stikkord for Friskis & Svettis Hyllestad! 

Kven kan vere med

Nedre aldersgrense for å vere med, er 12 år, og ein kan få kjøpt halvårs treningskort. Vi gledar oss til å sjå deg på trening og ynskjer deg velkommen til Friskis & Svettis Hyllestad!

 

Kontaktperson:

Cecilie Løvø Amundsen

Telefon: 905 93 436

E-post: cmloevoe@gmail.com

Besøk Friskis & Svettis Hyllestad si heimeside