Hyllestad Arbeidarparti

Arbeidarpartiet vart stifta i 1887 og er Noregs største politiske parti. Hyllestad Arbeidarparti (heretter HAP) har 25 medlemmar der Christian Hatlem Skår er leiar.

Kva gjer vi på, og kva er våre politiske visjonar

Medlemmane jobbar for det meste med lokalpolitikk. Dei behandlar og engasjerar seg i saker som er aktuelle for Hyllestad. Som leiar har Christian også ei stemme inn mot fylkesnivå, Vestland Arbeidarparti. Han har ein del digitale møter med dei andre leiarane og AP-ordførarane i Vestland fylke. Når AP sentralt jobbar med partiprogram spør dei alle kommunepartia om konkrete tiltak og synspunkt. Her får ein stor moglegheit til å påverke og medverke i den nasjonale politikken til AP.

Det viktigaste HAP gjer er å snakke med folk i kommunen om korleis det går og kva som opptek dei. Det kan vere i alle slags fora, alt frå butikken til treningssenter. Dei har alle slags medlemmar, men det er ekstra kjekt når medlemmane er aktive, synlege, oppdaterte og engasjerte.

HAP har årsmøte der dei samlast og diskuterar kva dei skal gjere komande år. Det er gjevande å sjå at engasjementet kan vere med å påverke kvardagen og tenestetilboda i kommunen. Medlemmane engasjerar seg ikkje berre lokalt, det er og viktig å følgje med på det som skjer nasjonalt. Det er mykje som blir bestemt på nasjonalt nivå som kan ha ein påverking på innbyggjarane i kommunen. Eit eksempel er til dømes ambulansen i Lavik. Då var det viktig å bidra i ein lokalkamp om å behalde denne tenesta.

Sentralpolitikken til AP er grunnlaget for politikken til HAP, men den er og lokalstyrt etter kva som er viktig i kommunen. Det er ikkje heilt det same politiske bildet lokalt som nasjonalt, og innbyggjarane har heller ikkje moglegheit til å stemme på like mange parti. Det er difor viktig at innbyggjarane set seg inn i kva dei fire lokallaga i Hyllestad jobbar for, og stemmer etter det dei er mest einig i. Det er vanskeleg å finne nokon som passar 100% på alt.

Det er ulike meiningar om korleis ein skal drive ein kommune, men det som er bra er at dei ulike partia likevel samarbeidar godt. For HAP er det viktig å jobbe godt saman med dei andre partia i kommunen. Saman kan dei få til meir.

Korleis verte medlem

HAP ønskjer seg stadig fleire aktive medlemmar. Nye medlemmar får påverke lokalpolitikken, men det vil og gje innbyggarane i Hyllestad ei sterkare stemme inn i AP Vestland, det gir igjen større påverknad inn mot nasjonalt nivå. Om du ønskjer å påverke lokalpolitikken så er det beste du kan gjere å melde deg inn i eit politisk parti. På HAP sine møter er det ope for alle meiningar og du vert teken på alvor. Passar ikkje politikken, så vel du eit anna parti. Men det aller viktigaste kvar enkelt kan gjere, er å stemme ved val.

​For HAP er det viktig å få endå fleire unge med på laget. Dei nyt og veldig godt av å ha med seg meir erfarne og eldre folk som medlemmar og politikarar. Kombinasjonen, og det at alle vert høyrt er det som må til for at Hyllestad framleis skal vere ein god kommune å bu i. Politikk er tidkrevjande om du vel å engasjere deg tungt i det, og det er ikkje alle som har høve til å vere med på alle møter. Då er det ikkje verre enn at du sender Christian ein mail med saker og meiningar du vil ta opp, så vil dei verte hørde.

Om du ønskjer å verte medlem kan du sende sms «AP» til 2077. Du kan og ta kontakt direkte med Christian.

 

Kontaktperson

Christian Hatlem Skår, leiar.

Telefon: 452 26 079

E-post: christian.skar@hotmail.com

Besøk gjerne Hyllestad Arbeidarparti si nettside