Hyllestad Grendalag

Saman får vi kjekke ting til å skje!

 

Kva gjer vi på

Hyllestad Grendalag er deleigar i Fleirbrukshuset på Hyllestad saman med Hyllestad Røde Kors og Hyllestad Idrettslag. Fleirbrukshuset har forsamlingsrom, kjøkken med kioskluke, sekretæriat og lager for Røde Kors. I tillegg er det Hyllestad Idrettslag sitt klubbhus og utstyrslager.

Huset kan leigast til ulike arrangement og er mykje brukt til barnebursdagar og konfirmasjonar. Om du ynskjer å leige fleirbrukshuset, ta kontakt med Marion Eimind på telefon 952 32 262 eller på e-post: mario-e@online.no 

Grendalaget har årvisse arrangement som dei anten arrangerar åleine eller samarbeidar med andre lag og organisasjonar om. Til dømes jonsokfeiring i Kvernsteinsparken. I samarbeid med parken vert det på dugnad laga bål, og parken stiller storehuset til disposisjon for grilling og kos. Dette er eit veldig populært arrangement for folk i alle aldrar då parken fungerar særs godt som leikeplass for dei minste og ein sosial møteplass for ungdom og vaksne. 

​Det var i mange år tradisjon med bål på Myklebustneset, men vær og vind gjorde det vanskeleg å gjennomføre brenning på ein trygg måte så ein bestemte seg då for å flytte alt opp i parken. I tillegg til dette er det grendalaget som har ansvar for tenning av julegrana i Hyllestad. Her stiller Skulemusikken opp og spelar jula inn medan dei frammøtte får servert gløgg og peparkaker. 

​Grendalaget samarbeidar og med Kvernsteinslauget og parken under Kvernsteinsmarknaden kvart år. Dei to siste åra har det vorte arrangert pubkveld i parken same kveld som marknaden, her er grendalaget medarrangør.

Elles gjer grendalaget ein del dugnadsarbeid i form av kratt- og skogrydding + at ein arrangerar Halloweenparty for dei minste.

​Tanken bak arbeidet som grendalaget gjer er at ein gjennom aktivitet og sosiale aktivitetar styrkjer samhald og inkludering i Hyllestad. 

 

​Kven kan vere med

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med i Hyllestad Grendalag!

 

Kontaktperson

Asbjørn Løland

Telefon: 970 86 259

E-post: asbjorn.loland@gmail.com

Besøk gjerne Hyllestad Grendalag si facebookside.