Kva gjer vi på
Hyllestad Idrettslag (HIL) har aktivitetar som famnar breitt; aldersbestemt fotball, fotball senior, bogeskyting, barneidrett, fjelltrim, biljard og friidrett. Vi har eit fantastisk anlegg for bl.a fotball og friidrett på kommunesenteret Hyllestad og vi har eit supert klubbhus.
HIL har faste møter etter oppsette planar, både styremøter og møter i dei ulike undergruppene. Fast møtestad for HIL er i Fleirbrukshuset på Hyllestad som dei eig i lag med Hyllestad Grendalag og Hyllestad Røde Kors. Dei siste åra har dei vore veldig aktive med mellom anna etablering av løpebane, lys på «bana» og som samarbeidspartnar med Hyllestad kommune i bygginga av Hyllestadhallen.
Folkehelse er viktig for idrettslaget. Alle aktivitetane i laget gjev grunnlag for god helse, både fysisk og mentalt. Dugnadsånda er sterk i laget, og er avgjerande for at laget skal kunne gje eit så breitt aktivitetstilbod. Mange bidreg som trenarar og instruktørar for til dømes aldersbestemt fotball, handball og biljard.
Det viktigaste for idrettslaget er at det skal vere moro!
Her finn du kontaktinformasjon for dei ulike aktivitetane til HIL.
Kven kan vere med
Ynskjer du å komme i kontakt med HIL, ta kontakt på Facebook, heimesida deiras, direkte med leiar Jan Helge eller møt opp på treninga/aktiviteten du har lyst til å vere med på så tek ein det derifrå.
Kontaktperson
Jan Helge Lekva

Telefon: 91737072
E-post: jan.helge.lekva@gmail.com
Besøk gjerne Hyllestad Idrettslag si nettside