Hyllestad og Fjaler kulturskule

Kulturskulen er eit interkommunalt tilbod i Hyllestad, Askvoll og Fjaler som tilbyr opplæring i musikk, dans, visuell kunst, teater til born og unge. Til saman har dei i overkant av 360 elevplassar og elevane kan gå på fleire fag.

Kva gjer vi på

I tillegg tilbyr dei tenester til sjukeheimar, skular, kor, korps og aktivitetssenter. Dei driv og med tilrettelagt musikk, til dømes til utviklingshemma. Desse har mellom anna eit band som heiter «Go Bananas» som har spelt i 10 år.

Norsk lov seier at alle kommunar skal ha eit kulturskuletilbod til born og unge, enten aleine eller i samarbeid med andre kommunar. Hyllestad, Askvoll og Fjaler kulturskule er eigd og drifta av kommunane, og det er dei som bestemmer innhald og omfang av tilbodet på sin skule. Grunntanken til Hyllestad, Askvoll og Fjaler kulturskule er at dei vil vere eit ressurssenter for kunst og kultur.

Kulturskulerektoren, Mats Systaddal, er svært fornøgd med at kulturskulen har fått eigne øvingslokale i Hyllestadhallen. Han seier det er gode øvingslokale for musikk, samt gode rom til visuell kunst og dans. Han meinar hallen er eit stort løft for kommunen.

Mats meinar at kulturskulen er eit viktig supplement til kommunen. Han veit at tilboda dei tilbyr blir sett pris på av innbyggjarane og elevane får moglegheit til å utvikle sin kreativitet, kunst- og kulturøving. Det er viktig for dei at elevane får meistringsfølelse.

Les meir her: 

https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/hyllestad-askvoll-og-fjaler-kulturskule/

Kontaktperson

Mats Systaddal

Telefon: 974 60 697

E-post: mats.willemoes.systaddal@hyllestad.kommune.no

Besøk gjerne Hyllestad og Fjaler kulturskule på facebook