Hyllestad og Florø Handikaplag

Annanias Batalden (1893-1973) var ein av føregangsmennene på Vestlandet for å betre handikappa sine kår, og det var han som grunnla Vanførelaget, seinare Handikaplaget i Sogn og Fjordane. 

 

Kva gjer vi på

I år har har handikaplaget i Hyllestad eksistert i 40 år. Dei har i seinare tid slege seg saman med Florø og heiter no Hyllestad og Florø Handikaplag (heretter HF Handikaplag). Med over 40 betalande medlemmar er dei eitt av dei meir aktive handikaplaga i Sogn og Fjordane.

Det vert stadig færre lag rundt om i landet, noko som skuldast at medlemmane blir eldre og det er få unge som vert med. For å halde handikaplaga på bygdene ved like er dei avhenginge av at yngre folk melder seg inn. Dei trenge folk i alle aldrar, og det er ikkje slik at du må ha eit handikap for å vere med. Om du er oppteken av at funksjonshemmande skal ha dei same moglegheitene for livsutfolding og samfunnsdeltaking som andre har, er det god nok grunn til å bli med.

HF Handikaplag tilhøyrer Norges Handikapforbund. Dette er dei funksjonshemma sin eigen interesseorganisasjon. Dei jobbar for eit samfunn der funksjonshemma kan leve i tråd med eigne ønskjer, evner og interesser, og der dei kan delta fullt ut.

I dag finnast det ei eiga lov i Noreg mot diskriminering av funksjonshemma. Lova seier at det er diskriminering når ein person som brukar rullestol ikkje kjem inn i et offentleg bygg. Men HF Handikaplag opplever stadige feil og lite gjennomtenkte løysingar for folk i rullestol. Dette rapporterar dei inn og kjem med råd og rettleiing på kva som kan verte betre. 

Alt dei gjer er dugnadsbasert. I fjor og i år har det vore lite aktivitet på grunn av korona, men dei har vanlegvis medlemsmøte den fyrste måndagen i kvar månad. I desember har dei julemiddag og i mars har dei årsmøte. På medlemsmøta kjem det vanlegvis rundt 20 stykk og det er eit oppmøte dei er godt nøgde med.

Det sosiale er viktig i handikaplaget. Medlemsmøta har dei på Storlia på Sørbøvåg, og her får dei servert god mat og kaffi. Fyrste halvtimen av møta diskuterar dei saker frå regionkontoret og informasjon dei får sentralt frå Oslo. Etterpå kjem den sosiale biten. Då går praten lett og det delast både matoppskrifter og strikkeoppskrifter. Dei har og bingo, noko som er særs populært blant medlemmane.

​Medlemmane betalar medlemskontigent på kroner 350 i året til Norges Handikapforbund. 160 av dei går tilbake til HF Handikaplag. Desse pengane, og overskot frå basar går til å dekke nokre av utgiftene til den årlege helgeturen dei har kvar haust. Denne turen er høgdepunktet for medlemmane. Det er godt å komme seg vekk frå «bobla» i Hyllestad, treffe nye mennesker, bu på hotell og kose seg med god mat og drikke i sosialt lag. 

​Når korona kom, førte det til nedstenging, isolasjon og besøksforbod. Mange eldre fekk mindre bevegelsesfridom og det var vanskeleg å reise på besøk, og å få besøk frå venar og familie. Då sponsa HF Handikaplag sjukeheimane i Hyllestad og i Florø med KOMP. Dette er eit brukarvennleg kommunikasjonsverkty som tilbyr trygg og sosial kontakt på dei eldre sine premissar. Her kan dei få bilete, meldingar og gjennomføre tovegs videosamtale. Elles har dei sponsa legekontoret, Sørbøvåg og Skifjorden med hjartestartar. Dei har og sponsa rullestolrampa i Bygdehuset på Åfjorddalen. 

Nokre av medlemmane har vore aktive på sjukeheimen med likemannsarbeid. Dette vart dessverre avvikla då korona kom, men dei satsar på å starte opp att med ein gong dei får grønt lys frå kommunen.

 

Kven kan vere med

Om du ønskjer å verte medlem kan du ta kontakt med Edit Rønneseth. Du kan og nytte heimesida til Norges Handikapforbund. Som medlem får du tilsendt magasinet «Handikapnytt» fire gonger i året. 

 

 

Kontaktperson

Edit Rønneseth

Telefon: 996 32 242

E-post: edith.ronneseth@gmail.com

Her kan du besøke Norges Handikapforbund si Heimeside