Hyllestad Røde Kors

Medlemmar i Hyllestad Røde Kors fotografert i trappeoppgangen på Leirvik Senter - Klikk for stort bilete

Hyllestad Røde Kors har i dag tre aktive avdelingar; Omsorgstenesta, Hjelpekorpset og Flyktningvenn.

Kva gjer vi på

Hyllestad Røde Kors Omsorg vart oppretta i 2017, men allereie i 1980 hadde Hyllestad Røde Kors oppretta lokalråd for besøksteneste. 
I dag gjer medlemmane her viktig arbeid som besøksvennar, arrangørar av sosiale samlingar på Hyllestad omsorgssenter og turar i nærområdet. Dei er og bidragsytarar på språkkafe, og delar ut julegleder til besøksvennar, beburarar på omsorgssenteret, og  vanskelegstilte barn. Medlemmene må ha kurs i førstehjelp og psykologisk førstehjelp. 

Hyllestad Røde Kors Hjelpekorps vart truleg stifta i 1978 etter ein leiteaksjon her i kommunen. Sidan den gong har frivillige i Hyllestad og områda rundt jobba for din tryggleik. Vi har også medlemmar frå Lavik. Linn Christin Fløholm er leiar for Hyllestad RK Hjelpekorps., og Kjartan Solheim er operativ leiar i korpset. 

Eksempel på aktivitet i hjelpekorpset: Søk etter sakna (i kommunen eller i nabokommunane), sanitetsvakt på ulike arrangement etter førespurnad. Vi stiller gjerne på stand ved lokale arrangement.

Som frivillig i Hyllestad Røde Kors Hjelpekorps vert du del av ein open og inkluderande organisasjon, og du får moglegheit til å drive med aktivitetar tilpassa dine interesser. Hjelpekorpset si grunnopplæring består av kurset “Kvalifisert førstehjelp”, kurs i “Søk og Redning”, kurs i “Samband” og e-kurset “Kunnskap om Røde Kors”. Du kan òg spesialisere deg innan fleire ulike innsatsområder.

I 2022 vart det oppretta ei avdeling under Hyllestad Røde Kors som fekk navnet Flyktningguide. Hyllestad Røde Kors fekk spørsmål frå kommunen om å bistå som ein samarbeidspartnar når kommunen skulle ta i mot flyktningar. Kommunen skulle då hovedsakleg ta i mot flyktningar frå Ukraina. 

Målet her er å bidra til å inkludere og integrere flyktningar som kjem til Hyllestad. I 2023 vedtok styret i Hyllestad Røde Kors å endre navn på avdelinga frå "Flyktningguide" til "Flyktningvenn". Ein flyktningvenn fungerar som ein ekstra ressurs for ein familie som kjem til Hyllestad som flyktningar.

Jan Arvid Støyva og Ann-Lise Birkeland er kontaktpersoner frå Hyllestad Røde Kors. I Hyllestad er det mange innbyggjarar som vil bidra som flyktningvenn, men vi har framleis behov for fleire frivillige. 

 

Medlemmar av Hyllestad Røde Kors på øving på vegen til  Nesje Fort i Hyllestad - Klikk for stort bileteFor hjelpekorpset er det viktig med øving. Her frå øving på søk i terreng på Nesje. Foto: Hyllestad Røde Kors
Flyktningar frå Ukraina og representantar frå Hyllestad Røde Kors samla rundt bord i biblioteket på Hyllestad - Klikk for stort bileteSpråkkafe i Hyllestad folkebibliotek.

Kven kan vere med

HRK er glade og takksame for alle som ynskjer å vere med i HRK. Dei som vil bruke litt av fritida si til å hjelpe andre medmenneske og gjere ein forskjell i lokalsamfunnet vårt. Sjølv om dei har medlemmar med lang fartstid og nye medlemmar, har dei stort behov for fleire.

 

Om du vil vere med som frivilleg, bruk denne lenka.


Dersom du tenkjer at du ikkje har så mykje tid å yte, er laget og takksame for alle dei som er givarmedlemmar. Dei bidraga gjer at laget kan halde fram med å kurse sine frivillege, til glede for heile lokalsamfunnet. 

Om du vil verte givarmedlem i Røde Kors, bruk denne lenka.

 

 

Spørsmål kan rettast til:

Eller til Jan Arvid Støyva - kontaktperson Flyktningevenn. 

 

Kontaktperson

Hildegunn Hatlem - Leiar, HRK

Telefon: 958 89 997

E-post: hildegunn.hatlem@rodekors.org

Besøk gjerne Hyllestad Røde Kors si facebookside