Kva gjer vi på
Hyllestad Seniordans vart skipa i 2013 og dei har 25 medlemmar som alle er veldig aktive. Kvar onsdag har dei danseøving i Fleirbrukshuset frå kl. 17 - 19. På øving dansar dei til fin dansemusikk. Dei har tilgang til 300 forskjellige låtar, så det blir mykje variasjon.
Ein treng ikkje ha partnar for å delta. Seniordans vert utført parvis med rød og blå farge, uavhengig av kjønn. Ein dansar i ring og byter partnar under dansen. Det er veldig sosialt og inkluderande og du som dansar vil få god informasjon og opplæring av danseleiarane.
Hyllestad Seniordans har fått utdanna seks danseleiarar. Om du sjølv ynskjer å verte danseleiar, sender laget deg på kurs og dekkar alle kostnadar.
Et par gonger i året har dei framføring for bebuarane på Eikelund. Etterpå kan dei som vil, bli med å danse. Hyllestad Seniordans inviterar og dei andre nærliggande kommunane sine dansegrupper til dans på Hotel Sognefjord. Til gjengjeld verte dei invitert tilbake. Det er veldig kjekt og sosialt.
Elles er det regiontreff og landstreff ein gong i året, i tillegg til at det finnast nordiske arrangement. So det er mykje ein kan vere med på om ein vil.
Dei som er med i Hyllestad Seniordans seier dansen gjer dei glad og at dei ler mykje. Her er det ikkje om å gjere å vere best og du treng ingen forkunnskapar. Seniordansen er helseførebyggjande, skjerpar sansar og hukommelse, betrar fysikken og psyken og ein blir kjent med andre menneske. Seniordans passar alle som er glad i sosiale samankomstar og som likar musikk og rytme. Der er og tid til mange gode kaffikoppar og praten går lett.
Kven kan vere med
Hyllestad Seniordans ønskjer fleire medlemmar og oppfordrar dei som er interesserte (både menn og kvinner) å komme på ein av danseøvingane for å sjå om dette er noko for dei.
No er det pause grunna corona og det har merkast blant medlemmane. Dei har sakna det sosiale samhaldet og den fysiske aktiviteten dei får med på kjøpet. Det vert ikkje det same å danse åleine heime på stovegolvet.
Kontaktperson:
Elin Gro Hestvik
Telefon: 911 13 483
E-post: elin.gro.hestvik@gmail.com
Besøk gjerne Seniordans Norge si nettside