Hyllestad Sogelag

Hyllestad Sogelag ynskjer å skape forståing og kjennskap til den lokale kulturarva. Sogelaget arbeidar med å samle inn og bevare lokale kulturminner samt fremje lokalhistorisk arbeid og gransking.

Kva gjer vi på

Sogelaget er ein lokalhistorisk ressurs som kan nyttast av kommunen i prosjekt som registrering og vern av kulturminne (kulturminneplan), historisk fotomateriale, stadnamn og liknande.

​Bildet øvst i artikkelen syner kulturvandring til ruinane etter kalkbrenneriet i Smilla. Torbjørn Løland demonstrerar lesking av kalk.

Dei har i dag kring 70 betalande medlemmar som har engasjement og interesse for å ta vare på og auke kunnskapen om dei lokalhistoriske røtene til Hyllestad. "Sogeskrift frå Hyllestad" er laget si hovudoppgåve, men Sogelaget tilbyr og andre aktivitetar, slik som til dømes kulturvandringar i samarbeid med Folkeakademiet og Kvernsteinsparken.

Kven kan vere med

Alle er velkomne til å verte medlem i Hyllestad Sogelag. For å melde seg inn kan ein kontakte personar i styret,sende e-post eller besøke Sogelaget si heimeside.

 

​Kontaktperson

Leif Akse

Telefon: 977 72 493

E-post: leifakse@gmail.com

Besøk gjerne Hyllestad Sogelag si facebookside