Kva gjer vi på
Etterkvart som det kom det meir bebyggelse i området mot Øvre Heggebø, fekk laget navnet Bråstad og Heggebø Grendalag i 1996. Den gang var det og grendalag på Ytre Bø og i Leirvik sentrum. Etter ei tid vart alle einige om å slå seg saman til ei større eining, og tok namnet Leirvik Grendalag i 1996.
Leirvik Grendalag ønskjer å vere til hjelp og nytte frå Sognnes i vest, heile Bøfjorden og inn til Brendsdal i aust. Dei dekker eit stort område der 25 prosent av innbyggjarane i Hyllestad kommune bur. Innanfor dette området finn du i dag 23 bedrifter, der fem av dei er overnattingsbedrifter.
Leirvik Grendalag er eit aktivt lag med mange pågående prosjekt. Ei av hovudoppgåvene er å legge til rette for aktivitet for born med mellom anna ballbinge på Øvre Heggebø, leikeplass i Hola, på Heggebø og på Ytre Bø. Dei syter og for at badeplassen på Heggebøneset er rydda, arrangerer Jonsokfeiring og skal saman med næringslivet legge til rette for aktivitet i Leirvik sentrum.
Å ha samarbeid med innbyggarane og næringslivet er veldig viktig. I tillegg har dei eit godt samarbeid med kommunen, både dei tilsette og politikarane. Det er mykje som skjer i kommunen som involverar Leirvik Grendalag. Til dømes reguleringsplaner, trafikktrygging og arealdelplanar.
No jobbar grendalaget med å få belysning langs vegen frå Heggebøen til Bråstad, og frå Leirvik sentrum til Hyllestad Utviklingspark. Elles har dei mange prosjekt som går på bulyst.
Leiar, Arne Dale, var prosjektleiar i eit forprosjekt som omhandla nettopp dette. Han har alltid vore samfunnsinteressert og oppteken av at ting skal skje og utvikle seg. Forprosjektet blei utvida til eit treårig prosjekt kalla «Bulyst i Bøfjorden». Her blei Arne spurd om han ville fortsette som prosjektleiar, noko han sa ja til.
Noko av det første dei gjorde var å ta tak i ønskje om ladestasjon, og som dei fleste veit er dei godt i gang med bygginga av denne no. Elles jobbar dei mykje med turisme. Saman med båtlaget, hotellet og det øvrige næringslivet jobbar dei med å legge til rette for at turistar med båt eller bubil kan komme innom og oppleve Leirvik før dei dreg vidare inn- eller ut Sognefjorden.
Det vert jobba med å lage fire nye turstiar med utgangspunkt i Leirvik sentrum. Dei skal lage frisbeegolf-bane og utvikle Heggebøneset friluftsområde med mellom anna sanitæranlegg. I tillegg vert det jobba med å få elsyklar for utleige og ladestasjon for båtar.
Utanom alle desse prosjekta, har grendalaget og eit prosjekt som handlar om å få fram kulturminna og historia til bygda. Dette prosjektet har dei kalla «Kulturell skattekiste i Bøfjorden» der dei vil vise fram båtbbyggarhistoria i Bøfjorden, historia til Døscherhagen og krigshistoria i Bøfjorden. Her skal dei, i samarbeid med Sogelaget, Folkeakademiet og krigshistorikar Kjell Ragnar Berge, samle fakta, foto og forteljingar, og formidle dette på eigna vis til innbyggjarane i Hyllestad kommune og tilreisande.
Grillhytta på «Panoramaen» er og oppført i regi av grendalaget. Det var gjengen i «Gutta på tur», med Leif Dale i spissen som tok initiativ til dette. Det er slike turar og opplevingar dei ønskjer det skal bli fleire av, mellom anna ved å utbetre vegen opp til hytta. Turar der folk flest, også dei med barnevogn og rullestol, kan nytte seg av. Hytta ved Heggetjønna (tidlegare ungdomslagshytta) er det Leirvik Grendalag som no eig. Den har seks køyer og ein stor hems, og alle som vil, kan få leige den. Den er særleg populær for jegarar under jaktsesongen.
Kven kan vere med
Leirvik Grendalag har mange ballar i lufta og har difor oppretta ulike prosjektgrupper. Medlemmane er engasjerte og opptekne av utvikling. Alle som vil kan bli med og grendalaget set pris på alle som hjelper til og bidreg til at Leirvik er, og blir, ein flott plass å bu.
Om du ønskjer å bidra eller har tips til aktivitetar, kan du ta kontakt med leiar Arne Dale.
Kontaktperson
Arne Dale
Telefon: 950 39 740
E-post: a.dale4@icloud.com
Besøk gjerne Leirvik Grendalag si facebookside.