LHL Hyllestad

LHL, Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, er ein medlemsbasert og ideell helseorganisasjon med nærare 54 000 medlemmar og 250 lokallag.

Kva gjer vi på

LHL tilbyr behandling og helsetenester med utgangspunkt i pasienten sitt medisinske og menneskelege behov.

Som medlem støttar du LHL sitt viktige arbeid for landets hjarte- og lungesjuke, slagramma og deira pårørande. I tillegg får du mange gode tilbod og medlemsfordelar året rundt.

LHL Hyllestad vart skipa 13. oktober i 1998. Dei tilbyr treningsgrupper, kurs, møter og turar. Dei har og vore aktive i mange aksjonar slik som til dømes «god responstid» der dei jobba aktivt for å forbetre responstida i Hyllestad.

​Saman med Røde Kors har dei lært opp elevar ved Hyllestad skule i hjarte- og lungeredning. Dei har og hatt slike kurs for innbyggjarane i kommunen og tykkjer det er viktig at folk held seg oppdatert på dette. Plutseleg kan ulukka vere ute og det er nokon som treng hjarte- og lungeredning, då er det lurt at du har heldt den kunnskapen vedlike.

I LHL Hyllestad er det i dag 60 medlemmar. Kontaktperson, Ragnfrid Aasen Hatlem, har vore med heilt sidan starten i 1989. Ho har sjølv fått mykje hjelp frå LHL sentralt.

Kven kan vere med

Som medlem og frivillig arbeidar i lokallaget, ynskjer ho å kunne tilby eit godt og variert tilbod til hjarte- og lungesjuke, slagramma, personar med astma og allergi og alle pårørande.

LHL Hyllestad driftast av frivillige, og dei vil gjerne ha fleire med seg på laget. Aktivitetane deira er opne for alle - uavhengig av helsesituasjon og medlemskap i LHL. 

 

Kontaktperson

Oddvar Hatlem

Telefon: 952 53 943

E-post: oddvar.hatlem@online.no

Besøk gjerne LHL Hyllestad si facebookside.