Lifjorden Bygdelag

Lifjorden Ungdomslag vart, i fylgje fyrste møtebok, etablert i 1924. I 2015 endra dei namn til Lifjorden Bygdelag.

Kva gjer vi på

Laget driftar bygdehuset på Kleiva og har i dag om lag 70 medlemmar. Folk i Lifjorden er flinke å stille opp og alt vedlikehald av bygdehuset vert gjort på dugnad.

​Her arrangerar dei kvart år mellom anna basar, krabbefest og tenning av julegran. I tillegg til dette arrangerar dei jonsokfeiring i Lifjorden. Under det årvisse Lihestklyvet er det bygdelaget som har ansvar for å organisere parkering for dei frammøtte.

​For ikkje lenge sidan renoverte og oppgraderte dei kjøkkenent i bygdehuset for om lag kr. 300 000,- Til dette fekk dei tilskot på kr. 100 000,-  frå Sparebanken Sogn og Fjordane, i tillegg vart lagt ned eit stort antal dugnadstimar. Kjøkkenet fekk ny innreiing og det vart bygd kjølehjørne.

Basaren som bygdelaget arrangerar kvar skjærtorsdag er særs populær. Denne har vorte ein treffplass for veldig mange utflytte Lifjordingar som er «på gamle trakter» i påskeferien. Dei legg turen innom her for å treffe andre med tilknyting til staden i tillegg til dei fastbuande. Krabbefesten er òg veldig populær med mykje god sjømat og musikk ut i dei seine nattetimar.

 

Kven kan vere med

Hovudmålet til bygdelaget er å samle bygda for å styrke trivsel og auke samhaldet. Om du vil kome i kontakt med dei, kan du gjere det ved å kontakte John Gerick.

 

Kontaktperson

John Gerick Bårøy

Telefon: 971 55 107

E-post: Lifjordenbygdelag@gmail.com 

Besøk gjerne Lifjorden Bygdelag si facebookside.