Øen Helselag

Øen Helselag vart etablert for over 100 år sidan (1918) for å motarbeide tuberkulose, og for å arbeide for god folkehelse i bygda.

Kva gjer vi på

I dag tilhøyrer dei foreninga «Nasjonalforeningen for folkehelsen» og har som mål å bekjempe hjarte- og karsjukdommar og demens. Dette gjer dei gjennom informasjon, førebyggjande tiltak og helsepolitisk arbeid.

Dei ynskjer å vere ein pådrivar for at alle skal ha moglegheit til god helse, både fysisk og psykisk.

​Øen Helselag har 45 medlemmar og jobbar heile tida aktivt med å skaffe midlar for å kunne tilby aktivitetar for unge og eldre. Kvar tredje laurdag har dei mellom anna kafe på omsorgssenteret for personar med demens og deira pårørande.

​Gjennom ulike søknadar har Øen Helselag skaffa pengar til sandvolleyballbane og utebordtennis i hamneparken på Sørbøvåg. Dei har også skaffa TV og andre elektroniske artiklar til dementavdelinga på Hyllestad omsorgssenter. Dei tilbyr kurs til innbyggjarane i mellom anna yoga og kunst, og dei har jobba for å oppgradere turstiar i nærområdet. Dei samarbeidar ofte med andre lag og organisasjonar. Dei har òg samarbeid med skulen og tykkjer det er veldig kjekt å kunne jobbe saman med dei unge.                             

Kvar palmesøndag arrangerar dei basar. Den er veldig populær og har veldig mange besøkande. Basaren krev dugnadsinnsats frå medlemmane for å få inn gevinstar. Dugnad er ein heilt naturleg del av lagsarbeidet og det opplevast veldig gjevande når ein ser kva glede denne innsatsen gjev andre.

Kven kan vere med

For å verte medlem i Øen Helselag kan ein kontakte leiar eller andre i styret direkte eller ta kontakt via facebook. Ein kan og gå inn på heimesida til Nasjonalforening for folkehelse. Alle er velkomne, og ein ser at det er eit aukande behov for yngre medlemmar då det vert meir og meir bruk av data og digital kommunikasjon.

 

Kontaktperson

Judith Bjordal

Telefon: 472 47 782

E-post: judith_bjordal@hotmail.com

Besøk gjerne Øen Helselag på facebook