Kva gjer vi på
Når Hyllestad.info møtte Bridgeklubben var dei to bord med til saman 8 personar. Dei fortel at på det meste, midt på åttitalet, var dei oppe i 22 personar som spelte.
Sørbøvåg Bridgeklubb vart etablert av 12 eldsjeler på Sørbøvåg tidleg på 70 talet. Dei fyrste samlingane hadde dei i Vonheim, før dei flytta til Storelia Motell. Etter det gjekk turen vidare til «kjellarlokalet» på Hyllestad før dei enda på Hotel Sognefjord i Leirvik. Bridgeklubben er særs nøgde med at dei får bruke Hotel Sognefjord som base for sine aktivitetar. Her får dei strålande service og vert alltid møtte med eit smil.
Dei siste åra har nokre av dei reist til Gulen og Masfjorden Bridgeklubb og spelt litt med dei. I tillegg reiser dei til Grytøyra og spelar med Bridgeklubben Fjaler vest. Dei arrangerar sjølv ei turnering i året med deltakarar frå mellom anna Gulen, Fjaler, Høyanger, Solund og Askvoll.
Mange av spelarane i klubben har lang fartstid og har hatt same makkere i om lag 30 år, medan andre er «ferskare» i faget. For å rekruttere til miljøet i Hyllestad arrangerar klubben bridgekurs med Atle Lerpold som instruktør.
Klubben har fokus på at alle som har lyst å lære å spele bridge får gratis kurs hjå dei. Uansett om ein har spelt før oppfordrar dei til ta kurs, då ein aldri vert utlært. Du treng ikkje makker når du melder på kurs. Når dei får nye spelarar inn, roterar dei slik at alle skal få mogelegheit å prøve seg fram.
Dei treffast på Hotel Sognefjord kvar torsdag klokka 18 for å spele. Om du er nysgjerrig og lurer på om dette kan vere noko for deg er du hjarteleg velkommen til å sjå på. Bridgeklubben spelar for moro, men det er ikkje til å unngå at det nokre gonger går prestisje i å kapre flest poeng og det kan «gå hett» føre seg!
Kven kan vere med
For å verte med i Bridgeklubben bør du vere over 10 år, og ein kan halde på så lenge ein har lyst - eller så lenge ein hugsar. Så om du har lyst å vere med, ta kontakt!
Kontaktperson
Jarle Løland
Telefon: 950 87 069
E-post: jarle.loland@havyard.com