Bøfjorden Båtlag

Bøfjorden Båtlag vart etablert i Leirvik i 1982 med mål om å skaffe laget båthamn, fremje båtinteressa, båtkultur, sjøvit og tryggleik på sjøen. 

Bøfjorden Båtlag sine aktivitetar

Grunna stor etterspurnad har laget dei siste 1,5 – 2 åra jobba mykje med å auka antal båtplassar i Leirvik og disponerar no 80 plassar. Alle desse 80 er pr. dd utleigde. Det er straumsøyler og vatn på alle bryggene som dekkar alle båtplassane i tillegg til alle gjesteplassane.

For å få på plass fleire brygger/båtplassar i Leirvik gjekk båtlaget i dialog med lokal grunneigar om leige av grunn. Om det ikkje hadde lukkast å få på plass denne avtalen var alternativet å flytte heile båthamna. Denne utvidinga er heilt sjølvfinansiert og gjort på dugnad.

Kven kan vere med

​Hjå Bøfjorden Båtlag er alle velkomne til å verte medlemmar. Om ein har interessa for dette, spelar det inga rolle om ein har båt eller ikkje.

Laget har i tillegg til årsmøte, styremøter ved behov. Båtlaget driftar no den største fritidsbåthamna i området. 

 

Kontaktperson:

Rune Hjelmeland

Telefon 918 67 926

E-post: rune@fjordesign.no 

Besøk Bøfjorden Båtlag si heimeside