Litt historie om Hyllestad Båtlag
Lokale eldsjeler som ikkje hadde eigedom å legge båtane sine på, gjekk saman og kjøpte skøyte frå Prestegarden og bygde ut anlegget for eiga rekning. Før anlegget kunne etablerast måtte dei lage veg frå Sowerby og ned, dette vart gjort på dugnad. Etter at vegen var på plass kunne ein køyre ned gravemaskin og starte arbeidet med båthamna.
Anlegget, som har 20 båtplassar vart bygd utifrå dei fysiske begrensingane som plassen har. Området er trongt, noko som gjev få utviklingsmogelegheiter, men det var den einaste plassen som var ledig for båthamn i Hyllestadfjorden.
Laget er ope for alle med interesse for båt og båtliv.
Etter at hamna var klar, kjøpte folk seg plass etter kva breidde dei hadde bruk for til båtane sine. Plassering i havna vart avgjort ved loddtrekning.
Båtlaget sine tankar om framtida
Båtlaget kunne godt tenke seg at det vert bygt ut sanitæranlegg og gjestebrygge i området. I tillegg til dette kunne ein kanskje fått lagt ut fortøyingsbøyer slik at tilreisande kan få legge til.
Hyllestadfjorden har gode fiskemogelegheiter og anlegget ved Myklebustneset er eit fint utgangspunkt for turar på, - og bading i fjorden.
Medlemmane i båtlaget vedlikeheld anlegget på dugnad, og i tillegg til årsmøte har dei styremøte etter behov.
Kven kan vere med
Laget er ope for alle med interesse for båt og båtliv. Om du ynskjer å kome i kontakt med Hyllestad Båtlag, gje ein lyd til kontaktperson Halvar.
Kontaktperson
Halvar Horne:
Runar F. Daler/Anleggsmaskinen
Telefon: 913 48877
E-post: halvarhorne@gmail.com