
Etter at ho hadde fatta avgjersle om å satse vidare, ville ho sette sitt eige preg på salongen. Lokala er dei same, men ho har måla og endra på inventaret og utforminga etter overtakinga. Både ektemann og born har hatt sine hender i redesignprosjektet av salongen; døtrene har fungert som interiørkonsulentar, medan ektemannen har vore «handyman».
januar 2023 opna ho Fjordfin frisør, som ein naturleg arvtakar etter Ernas Frisørstove. Underteikna besøker sjeldan frisørsalongar av naturlege årsaker, men eg må seie at det ser svært snasent ut. Frå den fine Fjordfin-logoen på døra til fargar og interiør.
Hanne, som er fødd og oppvaksen i Hyllestad, tok frisørutdanninga si i Høyanger etter to år med handel og kontor. Ho jobba deretter i eiga fem år som frisør i Bergen, der ho også hadde læretida si. Kjærleiken førte henne til Lavik, der ho pendla til frisørsalongen «På Håret» i Dale. I 1999 vart ho tilsett i Ernas Frisørstove, og har vore der sidan.
Hjå Fjordfin får du utført alt innan klipp, farge, glatting, permanent og oppsett, og her finst alltid eit rikt utval av hår- og pleieprodukt. Om du ynskjer å fikse bryn og vipper, kan du også gjere det her.
Fjordfin frisør har alltid kunden i fokus, og Hanne vil fortsetje å tilby dei gode produkta som ho har seld til kundane sine tidlegare, i tillegg til nye varer. I tillegg til hårprodukt kan ein også kjøpa mineralsminke, varmeverktøy, smykke, øyredobbar og hårpynt.
Som frisør vil ho alltid stå inne for produkta ho sel. Når ein kjøper eit produkt hjå frisøren, får ein mykje meir enn berre sjølve produktet, ein får kunnskap, informasjon og råd om kva hårtype og hodebotn ein har. Dette er betryggande for kundane, og Hanne har fokus på at prisane hennar er konkurransedyktige.
Kundane til Fjordfin er hovudsakleg frå Hyllestad, Lavik, Solund og Fjaler, og her er alle aldrar representert. Hanne tilbyr både dame- og herreklypp. For å halde seg oppdatert på motar, trendar og populære produkt, reiser ho blant anna på kurs og seminar. Der treff ho mange kollegaer som ho kan utveksle tips og råd med.
Ynskjer du time hjå Fjordfin frisør, kan du bestille time her.
Eller du kan ringe Hanne på 909 82 353
Fjordfin frisør på facebook