Eitt av mal sine bilder. Lihesten i solnedgang fotografert frå Myklebustneset.Valet fall då på Noreg, nærare bestemt Aurland. I Aurland jobba han som guide for turistar og starta samstundes «Aurland Photography» som mellom anna har ein instagramkonto med nærare 13000 følgjarar frå heile verda.
Då Mal budde i Aurland, vart han leigd inn av fleire bedrifter i kommunen for å auke kjennskapen til Aurland som turiststad. Han har og selt bilete til VisitNorway og FjordNorway. I 2018 flytta Mal til Hyllestad og han elskar å fotografere den vakre naturen som er i- og rundt heimstaden.
Mal jobbar heile tida med å gjere bileta sine meir kjende, slik at det kan auke interessa for Hyllestad og vestlandet generelt som besøksstad. Han tilbyr og andre med interesse for foto, guida turar der han gjev opplæring i å ta gode landskapsbilete.
Både bedrifter og privatpersonar kan ta kontakt for å booke oppdrag, t.d.:
- Bryllaup
- Portrett
- Konfirmasjon
- Jubileum
Fototenester kan og gjelde oppdrag i samband med:
- Næring
- Produktfoto
- Sosiale medium
- Kurs/opplæring
- Dronefoto/film
Han håpar at fleire lokale nyttar seg av han når dei har behov for fotograf. Mal sin største ambisjon og draum er å kunne leve som fotograf på fulltid i tillegg til arbeidet han har med Fjordavind.
Kontakt:
Mal Dickson
Telefon: 939 42 454
E-post: mal@maldickson.com
Her finn du Mal Dickson si heimeside