Altarlysestakane i kyrkja er frå mellomalderen og døypefonten av hoggen i kleberstein er frå 1200-talet. Kyrkja har og ei katekismetavle med bibeltekstar frå 1600-talet.
I 2011 vart Hyllestad kyrkja bygd om og modernisert. Det vart gjort om på preikestolområdet, og kyrkja vart møblert med stolar i stadenfor benkar. Eit areal bakerst i kyrkja vart fråskilt, og kjøkken vart innreia nær inngangen. Biskopen den gong, anbefalte at fleire kyrkjer burde gjere ei slik ombygging som Hyllestad.
I dag har kyrkja eit preg av at gamle tradisjonar og handtverk møter ein moderne livsstil. Der er instrument for song og musikk, storskjerm for undervisning, elektronisk orgel og det er nokre song- og musikkgrupper i kyrkjelyden.
Sitteplassane kan ein flytte til side slik at rommet kan brukast til aktivitetar som t.d. myldresamling, basecamp for ungdom og minikonfirmantar. I tillegg vert det brukt til overnatting i kyrkja, konfirmantsamlingar og kyrkjekaffi.
Kyrkja i Hyllestad har fokus på å følgje med i tida.
Det er spesielt at her i Hyllestad kjem dei fem største steinkrossane frå: Den i Korssund, dei to i Eivindvik, ein på Gard i Haugesund og den aller største på Kvitsøy i Rogaland. Desse har truleg kongar og høvdingar reist tidleg i denne perioden. No har Hyllestad og blitt ein nøkkelstad på den såkalla «Kystpilgrimsleia» - herifrå kom dei eldste steinkrossane- som er synlege uttrykk for den nye tida som kom med den kristne trua.
I kyrkja er det ikkje berre soknepresten som jobbar. Her er 5 andre kollega i deltidsstillingar; kyrkjeverge, kyrkjesekretær, kyrkjetenar, organist og trusopplærar. Det er berre presten som er tilsett i staten, dei andre er tilsett i Hyllestad sokneråd, eit kyrkjeleg valt organ som har det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Medarbeidarane treffast ein del tysdagar og snakkar om det som skal skje framover og evaluerer det som har vore. Dei skal drifte og forvalte alle tre kyrkjene, det eine kapellet og dei tre gravplassane i kommunen. Dei skal publisere Kyrkjebladet, som er ein svært viktig informasjonskanal for kyrkjelyden, tre gonger i året.
Kyrkjeverje er sakhandsamar til sakar som skal til soknerådet. Soknerådet har ansvaret for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet", dei skal gje gode kristelege tilbod frå vogge til grav, til livsmeistring. Presten tykkjer det er viktig å gje håp og mot gjennom samtale og bønn. Ta godt vare på alle menneske, og syne at ein bryr seg.
Andre aktivitetar i kyrkja er mellom anna samtale– og bønekveld på onsdagar. Då er det som regel nokre faste som møter og dei tek imot bønneønskje. Ein har og hatt "Tid- for tru-kveldar", der ein har hatt samtale om trua, og open kyrkje.
Det er eit behov for fleire prestar i Noreg, og no i det siste har søkjartalet til utdanning gått litt opp, noko Audun synast er særs positivt. Det er eit fint og givande yrke! Han seier til slutt at han gjerne ynskjer å formidle «den gode skatten».
Les meir om kyrkjene og gravplassane i Hyllestad her.
Kontakt:
Kyrkja i Hyllestad er på facebook.
Du kan sende e-post til kyrkjekontoret på: post@hyllestad.kyrkja.no
Kyrkja i Hyllestad har eiga nettside med meir informasjon, den finn du her.
Tysdag- og torsdagar mellom klokka 10:00 og 15:00, når du dei på telefon: 57 78 85 65.