Med gardsdrift og bygdeservice har dei til saman 5 årsverk. Garden er nøkkelen til alt dei driv med og her finn du i dag omlag 25 mjølkekyr, 75 storfe totalt og 5 hestar.I 2008 starta han Åm Sognnes Bygdeservice. Her tok han på seg oppdrag innan det meste som har med hage, veg og landbruk å gjere. I 2012 overtok han og drifta på begge familiegardane, på Sognnes og i Indrefjorden. Saman med kona Ina, har dei endra føretaksnamn til Indrefjord Gard, men presiserar at det og i fortsetjinga vil verte utført bygdeserviceoppdrag.
Med gardsdrift og bygdeservice har dei til saman 5 årsverk. Garden er nøkkelen til alt dei driv med og her finn du i dag omlag 25 mjølkekyr, 75 storfe totalt og 5 hestar. Dei har 210 000 liter i mjølkekvote og leverar 10 tonn med storfeslakt. Om lag halvparten av årsverka er knytta til oppdrag utanom garden.
Dei tek på seg mange typar oppdrag innan park, hage og anleggsarbeid. Til dømes legging av beleggningsstein, gråsteinsmuring og vegvedlikehald. I tillegg vert det ein del oppdrag innan landbruket med gjødselhandtering og dreneringsarbeid.
Hestane er ein hobby og ei interesse dei begge har, men dei vert og brukte til å effektivisere drifta på garden når det er rasjonelt. Arbeidet med tilsyn, flytting og handtering av storfe på beite har vorte enlare etter at hestane vart tekne i bruk. Hestane vert og nytta til transport av materiell til bygging og vedlikehald av gjerder, samt lunning av ved. I tillegg har dei eit samarbeid med Kvernsteinssenteret som leiger dei inn til ulike arrangement, der det er tilbod om riding.
Dei driv og med grovfôrproduksjon på eige og disponibelt areal. Alt du ser frå Havyard og til butikken i Leirvik er det dei som slår. Med dagleg dyrestell, gardsdrift og diverse serviceoppdrag kan ein forstå at Ina og Ole-Ivar jobbar meir enn folk flest.
Før hadde dei vanleg båsfjøs der dei mjølka to gangar dagleg og var relativt låst på tid. Desse tidene var typisk midt i barnehagelevering og legging av born. Dette vart veldig tungvint for familien, og samstundes kom det eit regelverk som sa at på sikt må alle bønder gå over til lausdrift.
Då vart det eit val for familien; skulle dei avvikle, flytte eller bygge? Dei valde det siste, og vart med den fyrste lausdriftsfjøsen i Hyllestad med mjølkerobot. Det frigjer dei ikkje for arbeid, men dei er ikkje like låst på tid, noko som er bra for ein småbarnsfamilie. Når ein jobbar med dyr kan ein ikkje stenge «butikken», og ta seg fri. For Ina og Ole-Ivar er dette ein livsstil.
Indrefjord Gard nyttar KSL- Kvalitetssystem i Landbruket, er godkjent Inn på Tunet Gard og Godkjent Hesteverksemd av Stiftelsen Norsk Mat. Dei er førebels i ein utviklingsfase og har mange idear om kva dei ynskjer å oppnå.
Dei er førebels i ei utviklingsfase og har mange idear om kva dei ynskjer å oppnå. Dei ynskjer å vidareutvikle hestedrifta der målet er å få godkjent ein «inn på tunet gard» slik at ungdom som treng oppfølging og hjelp, kan få koble ut. Det er mykje dei vil, og dei har allereie gjort meir en mange gjer over 20 år, men ting må komme som dei passer.
Her kan du lese meir om Indrefjord Gard
Kontakt:
Indrefjord Gard
Indrefjordvegen 301
6953 Leirvik i Sogn
Du når dei på telefon: 959 43 735
Eller på e-post: post@indrefjordgard.no
Du kan og fylgje Indrefjord Gard på Facebook