Reparasjon av skuffe til gravemaskin.Han ville vere den som tok avgjersla og gjere ting på sin måte, og då var det naturleg å starte for seg sjølv. Han starta fyrst kun med servicebil. Seinare leigde han seg verkstadslokale på Sørbøvåg, og det tok ikkje lang tid før han hadde hendene fulle med arbeid. Brede Lien, som hadde utplassering ein dag i veka hjå Bjarne Andre, fekk tilbod om fire års lærlingplass og starta på den i 2019.
Men det var ikkje berre det som skjedde i 2019. Barndomsven, Stian Hatlem, ville og skape noko sjølv, og det var naturleg å starte opp saman med Bjarne Andre. Med Bjarne Andre sine fagbrev som anleggs- og landbruksmekanikar og Stian sitt fagbrev som motormekanikar vart dei ein «god match».
I juli 2019 oppretta dei selskapet LH Mek AS. Dei vart fort einig om namnet; «L» for Lekva, «H» for Hatlem og «Mek» for mekanisk.
LH Mek driv hovudsakleg med reparasjon av anleggsmaskiner, landbruksmaskiner og hydraulikk. Men reparerar det meste av utstyr både på land og til vanns. Dei er og forhandlar av Lekang Filter og Profex. Her kan dei skaffe olje, filter og slangar til det meste av maskiner. Samstundes har dei stort nettverk hjå deleleverandørar landet over, og skaffar det meste av slitedelar til alt av maskiner og utstyr.
Det som er unikt med LH Mek, og som skil dei frå sine konkurrentar, er at dei utførar tenester og reparasjonar der du er. Dei er altså ein mekanisk verkstad på hjul som køyrer ut til kunden, der behovet er. Dei fleste kundane er entreprenørar, oppdrettsnæringa eller bønder, men det vert stadig fleire private som tek kontakt.
LH Mek er kjende for sin gode service og driftsikkerheit. For kunden er det kritisk om ting ikkje fungerer slik dei skal. LH Mek tar utfordringar på strak arm og gjev seg ikkje før dei finn ut av problemet.
Dette er nok ein av grunnane til at dei har så mange faste kundar. Dei får oppdrag frå heile «gamle» Sogn og Fjordane fylke, og har ein veldig varierande arbeidsdag.
Enkelte gangar kan det verte mykje køyring for det som viser seg å være ein liten jobb. Ein gong hadde dei eit oppdrag der dei køyrde 10 timar t/r for ein jobb som tok ein halv time.
Marknadsføring er til no ikkje prioritert, og kundemassen har dei fått gjennom jungeltelegrafen. Noko som må bety at folk er nøgde med jobben dei utfører.
Til no har firmaet to servicebilar, slangepressar, eit utvalg sveiseapparat, røyrbøyar, fres og dreiebenk. Dei investerer mykje i lager, og har eit stort hydraulikklagar på Sørbøvåg. Kanskje det største i ytre Sogn.
Dei planlegg veka saman på måndag, og når dagen er over har dei vanlegvis full veke og meir enn det. Men det er vanskeleg å planlegge i ein slik jobb, for det dukkar stadig opp småjobbar. Nokre gonger er dei på same oppdrag alle mann, men som oftast overlappar dei kvarandre slik at dei får tid til meir.
LH Mek ser lyst på framtida. Dei satsar på å tilsette Brede fast etter læretida, og dei er heller ikkje framande for å tilsette fleire før den tid, om den rette dukkar opp.
Dei har ei stadig aukande arbeidsmengde, og dei ser at dei treng å utvide lageret. Dei har og eit mål om å starte butikk. Dei ynskjer å vekse og å utvide. Men for å verte større må dei og verte meir synlege. Dei vil difor prøve å satse meir på marknadsføring, spesielt sidan dei skal satse på butikk i tillegg til verkstad og service.
Kontakt:
Bjarne Andre Lekva
Telefon: 452 88 674
Stian Hatlem
Telefon: 971 80 460
E-post: post@lh-mek.no
Her finn du nettsida til LH-Mek
Dei har og facebookside, den finn du her