Meson

Det heile starta med at Roar Bøe kom tilbake frå Sverige med familien sin på slutten av 80 talet, hadde med seg eit agentur og etablerte etterkvart LK Valves AS. 

Anne-Britt Wolff og Karsten Birkeland framfor kontorbygget til Meson.

I dag er dei blitt ein del av Meson Group, men driv fortsatt med det same – ventilar til industrien, der støypte produkt er deira spesialitet. Hovudkontoret til Meson Group er i Sverige og det norske kontoret har forretningsadresse på Ulsteinvik og Leirvik. Marknaden er global. I tillegg til Noreg og Sverige, har Meson salsavdelingar i Danmark, Romania, Spania, Tyrkia og Singapore. Dei har eigne distribusjonssentre og fabrikkar.

​På salskontoret i Leirvik møter vi Karsten Birkeland og Anne-Britt Wolff. Dei handterer ordre og bestillingar og jobbar med sal. Dei er kjende for god oppfølging og service. Anne Britt arbeider mest med sal, odrehandtering og oppfølging. Og Karsten med oppsøkande marknadsføring og sal. Dei jobbar tett mot grossistar, OEM-marknad, verft og ettermarknad. Dei har god føling med marknaden og merkar fort svingingane i oljenæringa og i skipsindustrien.

Meson har ei brei plattform å bygge vidare på og dei håper på god utvikling og fleire tilsette på sikt. 

Kontakt:

 

 

 

 

 

 

 

Anne-Britt Wolff

Du når ho på telefon: 469 28 075

Eller på e-post: anne-britt.wolff@mesongroup.com

 

Karsten Birkeland

Du når han på telefon: 993 03 050

Eller på e-post: karsten.birkeland@mesongroup.com