
Hanna byrja si reise innan neglepleie med ein lidenskap for skjønnheit og velvære. Ho har alltid hatt ei kreativ ånd, og neglekunst vart ein perfekt måte for ho å uttrykke seg på. Gjennom åra har ho utvikla sine ferdigheiter, og lært seg dei nyaste teknikkane.
Med over 10 års erfaring som negleterapeut, har ho bygd opp ei imponerende karriere sidan ho starta i 2010.
Ho elsker å skape vakre negler som får kundane til å føle seg spesielle. Kvar gang ho set seg ned med ein kunde, ser ho på det som ein mogelegheit til å dele si glede og sin kreativitet. Hanna har eit smilande og venleg vesen, og ei evne til å få folk til å slappe av og nyte opplevinga.
Vegen til Norge.
I 2014 braut det ut krig i Donbass, der ho budde. Ein konflikt som har påvirka mange liv og skapt store omveltningar i regionen. Midt i denne usikre tida, bestemte Hanna seg for å flytte frå Donbass til Jalta for å starte på nytt. Ho fekk seg jobb i ein salong, der ho lærte seg kunsten pedikyr. Etter ei tid i Jalta flytta ho tilbake til heimbyen sin, og hennar lidenskap for estetikk og handtverk førte til at ho åpna sin eigen lille salong i et kjøpesenter der. I salongen hadde ho omlag 4-5 kundar dagleg, og ho lærte seg alle teknikkar innan manikyr og pedikyr, inkludert klassisk, maskinell og kombinert behandling.
Våren 2022 starta krigen i Ukraina og det vart ei uroleg tid for mange, prega av store endringar. Krigen ødela heimen til Hanna, og ho måtte finne ein ny stad å bu. Ho reiste då til Wrocław i Polen der ho budde i eitt år, før ho tok steget og flytta til Norge og Leirvik.
Her har ho funne en ny ro i naturen, med vakre landskap og stille omgjevnadar. Hanna set pris på dei åpne og venlege menneska rundt seg, som har gjort overgangen litt lettare.
Sjølv om det var skremmande å starte på nytt att, valde ho å gå tilbake til det ho kunne best – manikyr. Ho delte planane sine med flyktningkoordinatoren i Hyllestad kommune. Saman leita dei etter mogelegheiter og vart merksame på Fjordfin Frisør i Leirvik.
Gjennom positive samtaler med NAV Hyllestad, Hyllestad kommune og Hanne som eig Fjordfin frisør, har ho fått støtte og rettleiing som har vore uvurderleg. I november 2024 byrja ho i praksis, og fekk hjelp av Hanne til å bestille nødvendig manikyrutstyr for oppstart.
I starten av desember 2024 tok Hanna imot sine fyrste kundar i Leirvik. Kundane set stor pris på nøyaktigheita, reinslegheita og den gode atmosfæren ho skaper i salongen. Hennes varme måte å ta imot folk på, gjer at dei føler seg velkomne og ivaretekne. Hanna har nyleg gjennomført kurs i hennafarging av bryn ved Karma Salongen i Førde og geleforlenging ved Royalsis Akademiet i Bergen.
Ho ynskjer å fortsetje samarbeidet med Hanne for å utvikle seg vidare, og tilby fleire tenester som tek vare på hendene og føtene til kundene sine. Det som starta som ein hobby, har utvikla seg til eit livsverk, og ho er stolt av å kunne kombinere sin kjærleik for detaljar med sitt handtverk.
«Det gjev meg glede å treffe flotte kvinner og modige menn, for eg meinar at negler ikkje berre handlar om skjønnheit, men også om helse»
Besøk gjerne Hanna hjå Fjordfin frisør. Ho tilbyr:
· Manikyr
· Pedikyr
· Shellac og Vinylux
· Akryl og Geleforlenging
· Parafinbehandling for hender og føter
· Produkt for pleie av negler, hender og føter
· Forming av bryn
Følg gjerne Hanna på Instagram. Her finn du bilder av arbeidet hennar.
For kontakt eller bestilling, sjå nettsida til Fjordfin.