Nesje Fort

Nesje Fort ligg idyllisk til med mange fine naturstiar, og det har ei unik historie med mange verna bygg.

I 1940 starta tyskarana bygginga av marinebatteriet på Nesje. Ved kapitulasjonen hadde tyskarane i heile Nesje-området, 23 kanoner og bombekastarar. Det var ut 1078 miner og det var satt opp svære piggtrådsperringar ved sjøen og i utmarka.

Marinebatteriet på Nesje gjekk etter krigen inn i Kystartilleribrigade Vestlandet (Kbrig V) under betegnelsen Nesje Fort.

​I 1958 gjekk Nesje Fort ut av Kystartilleriets bruk og Heimevernet tok det i bruk som øvingsområde. Forsvaret brukte det som leirplass og øvingsområde fram til 2005. Etter å ha låge stille og ubrukt i 10 år overtok Henning Nesje og Elin Brekke området og etablerte Nesje Fort AS.

Området ligg idyllisk til, det har mange fine naturstiar, det har unik historie og mange verna bygg. Henning og Elin måtte naturleg nok sette i gang ein stor restaurering når dei overtok. Etter mykje jobb og eigeninnsats har dei opna sin tredje sesong med hytte- og båtutleige og sommarsesongen er nesten fullbooka.

​På Nesje Fort har dei no fem nyoppussa hyttar, gode fasilitetar for båt- og fiskeaktivitetar, eit flott servicebygg med moderne kjøkken og møtefasilitetar og eit flott lokale for selskap og konferanse som tar opptil 100 personar. Bubilar kan også stille seg opp, og neste sesong satsar dei på at dei har opplegg for strøm- og vattenforsyning til bubilar.

Det går framover, men dei har begge jobb utanom og utviklinga må difor skje gradvis. Det er mykje eigeninnsats som er lagt inn og dei håpar på sikt at det kan bli ein fulltidsjobb ut av dette og at dei vil få moglegheiten til å utvikle det enda meir. Det finnast so mange moglegheiter her og mykje historie. Dei ynskjer å skape meir og tanken om museum og historieforteljing er heilt klart der. 

 

Kontakt:

 

Elin Brekke

På telefon: 472 38 400

Eller på e-post: post@nesjefort.no