Yatek

I 2014 var Hyllestad ein omstillingskommune og ein av grunnleggarane, Øyvind Høie deltok i prosjektet som omhandla å utvikle Hyllestad Utviklingspark. Sjå på moglegheiter for tilrettelegging for etableringar og nye næringar på området.

Ein av Yatek sine båtar, Aqua Master.

Yatek AS vart stifta i 2015, og namnet Yatek kjem av at bedrifta brukar Yanmar spylarar, og det var difor viktig at bokstavane YA var med. 

Dei tilbyr båtar og energieffektive løysingar til alle typar oppdrag. Yatek sine aneatte har eit breidt spekter av spesialkompetanse for einkvar operasjon innan alt frå oljevern og beredskap, slep, kabellegging, spyling av nøter, fortøying og ankerhandtering, til dykking, søk og bergingsoppdrag.

Yatek var det andre selskapet i landet som kjøpte Yanmar spylar. Dei visste at det var den beste og mest effektive spylaren på marknaden, og på grunn av den fekk dei oppdrag som andre rett og slett ikkje klarde å utføre. Slik bygde Yatek seg sakte, men sikkert større.

For Yatek er det viktig å vere best på det dei gjer, det skal vere kvalitet og service i alle ledd. I tillegg til å ha spisskompetanse på spyling, har han og mykje erfaring frå tida i oppdrettsnæringa og ser fort om det er noko som bør utbetrast når dei er ute på oppdrag.

Til no har dei ikkje hatt noko særleg behov for marknadsføring. Yatek er eit kjent namn for dei fleste i næringa, og med spisskompetanse og god service har jungeltelegrafen ført dei dit dei er i dag. Dei har kundar og oppdrag heilt frå Øygarden og til Florø.

Dei påpeikar at det ikkje er bra om det blir så mykje arbeid at dei får kapasitetsproblem. Det er viktig å levere og å vere best i det dei gjer. Planen er å fortsette slik dei har det no og spesialisere seg ytterlegare på spyling. 

 

Kontakt: 

Ansgar Østebøvik

Telefon: 909 32 326

E-post: ansgar@yatek.no