Åfjorddalen Utviklingsselskap AS

I 2010 blei bygget til den tidlegare kommunale barnehagen i Åfjorddalen lagt ut for sal. Då var det fleire privatpersonar tilknytt Åfjorddalen som ønskja å bevare bygget og utvikle det vidare innanfor næringsverksemd. Saman med HAFS Elektro og rør AS kjøpte dei bygget og stifta Åfjorddalen Utviklingsselskap AS (ÅUS).

Kontor og lagerlokala til HAFS Rør og Elektro på Åfjorddalen. Firmabil og tre tilsett er og med på bildet. - Klikk for stort bileteHafs Rør og Elektro sine kontor og lager på Åfjorddalen. Bygget vart tidlegare brukt som barnehage.

Hafs Elektro og Rør hadde lokala sine sentralt i Leirvik Senter, men hadde behov for eit lager med lett tilkomst av varer. Dette fekk dei når dei flytta opp til lokala til ÅUS. Her er det eit stort uteområde med mange parkeringsplassar og enkel tilkomst for store lastebilar. Og den «gamle gymsalen» fungerer som eit stort, tørt og godt lager.  

I bygget er det to møterom og ei felles kantine. To tredjedelar av bygget er utleigd til næringsverksemd der mellom anna HAFS Elektro og Rør og eMal har kontor. For tida er også Hyllestad kommune sin teneste for nærings- etablering og utvikling lokalisert i bygget.

Dei har fem kontor som og er godkjend som hyblar, og i dag blir dei leigd ut til arbeidarar frå Havyard. Men primært vil dei at romma blir leigd ut som næringslokale. For tida er det seks kontor på ca. 10 kvm som er ledige i bygget. I tillegg har dei eit stort uteområdet som kan utviklast til noko, om den rette ideen dukkar opp.

Det er eit godt arbeidsmiljø blant dei som allereie jobbar i lokala. Kvar fredag er det vinlotteri og innimellom lagar dei vaflar i lunsjen. Det står eit epletre att frå då det var barnehage, og kvar haust lagar dei eplekake saman. Det er ein sosial og hyggeleg stemning i kantina under lunsjen.Innimellom får dei besøk frå næringsdrivande som har med seg matpakken for å kunne ete lunsj ute i fellesskap med andre og slå av ein prat. Det tykkjer dei alle er kjekt!

No håpar dei berre at dei kan verte eit endå større miljø slik at dei får fylt opp dei ledige kontora. Elles syt eigarane for at bygget får jamleg vedlikehald og oppgradering. Styreleiar Eilev Strandos seier at bygget skal vere i god stand heile tida, så no er tida snart inne for å skifte glas og kledning.

 

Kontakt:

Eilev Strandos

Telefon: 908 28 605

E-post: eilev@hafs-elektro.no