Aria invest sitt lager og kontorbygg i Leirvik.Då søkte dei om konsesjon for oppdrett av laks. Søknaden blei innvilga og Sognelaks vart etablert med Irene som dagleg leiar. Roar jobba i eit svensk selskap og fekk moglegheit til å etablere eit norsk dotterselskap i Oslo og Leirvik, som etter kvart blei til LK Valves. Dermed hadde dei begge jobb og kunne flytte heim til Leirvik.
1998 selde dei Sognelaks, som no er ein del av Mowi sine anlegg i Hyllestad. Etter at det vart selt, oppretta dei Aria Invest som ei familiebedrift med Irene som dagleg leiar. Namnet Aria står for namna til Roar, Irene og deira to born Anette og Anders. Selskapet har sitt opphav frå ekteparet sine interesser for næringsutvikling. Dels var føremålet å investere i aksjar, primært i lokale selskap- og dels utleige av kontor, lager og kai.
Dessverre døde Roar for nokre år sidan, men Irene og borna sytte for at selskapet heldt fram slik det alltid har gjort.
Opp gjennom åra har dei investert i aksjar i selskap som Triangelteknikk, Åsnes Ski, LK Valves, Hyllestad Utviklingspark, Multivolt, Yatek, Leirvik Eigedom og Akvahub (sistnemnde indirekte gjennom Yatek og Multivolt). Nokre av aksjane er selde, medan andre framleis er eigde av Aria Invest. Gjennom investering i desse selskapa har Aria Invest medverka til ganske mange nye arbeidsplassar i kommunen.
Næringsutvikling er noko som alltid har stått Irene og Roar nært. Dei har hatt styreoppdrag i fleire fylkeskommunale og kommunale styrer, som representantar for privat næringsliv i tillegg til i private selskap. Irene har og vore rådgjevar til ein del nyoppstarta selskap. Ho er glad ho får moglegheit til å jobbe med dette og å kunne bidra til at nye bedrifter vert etablert.
I tillegg til dette driv Aria Invest med utleige av næringslokale. I Bøfjordvegen ved sidan av Hyllestad Utviklingspark, finn du bygga til Aria Invest. Meson (tidlegare LK Valves) og Yatek leiger kontor og lager der. Det er i dag to ledige kontorplassar og ca. 100 kvm. lager. Det er og tilhøyrande kai. Aria Invest har nyleg investert i ny 50 meter lang kaikant med kraftig betongfundament, for innfesting av flytebrygge på 36x3 meter for større båtar. Der er god tilgang til landstrøm og mogleg for andre å leige plass.
Irene ynskjer å forsetje å drive Aria Invest slik som før. Ho håpar å finne leigetakarar til dei næringslokala som er ledige, men veit at dette kan ta tid då det er få nye bedrifter i kommunen. Når det gjeld investeringar så er det ikkje slik at ho søker aktivt etter nye prosjekt, men skulle det dukke opp noko spennande i kommunen så ser ho på det og tek ei vurdering.
Kontakt:
Dagleg leiar, Irene Bøe
Telefon: 975 98 063
E-post: irene.boe@ariainvest.no