Ann Sissel

Ann Sissel Austgulen flytta til Skifjorden i Hyllestad då ho var fire år. Familien kjem eigentleg frå Gulen, men far til Ann Sissel ynskte seg ein gard og slik enda dei opp her.

Det tok litt tid før ho følte seg som ein «Skifjording». I starten var ho berre kjend som «dottera til Austgulen» og ho sleit med å finne seg til rette. Ann Sissel hadde lang veg til andre jenter, så det vart mest gutane i Varlida ho leika med. Men ho hadde jentevener og då ho byrja på ungdomsskulen «fann ho roa». Sjølv om ho var ei raustlaus sjel som ikkje heilt klarte å finne seg til rette, so minnast ho ein god og fin oppvekst i Skifjorden.

No har ho budd i Skifjorden i 60 år og har tre vaksne born. Ein av sønene, Dag Ove, har teke over garden til foreldra hennar. Ann Sissel starta i jobb på Eikelund på vaskeriet i 1978. Der jobba ho i 3 år før ho hadde seg ein pause. Byrja på att i 1985 og jobba som reinhaldar, aktivitør og assistent på pleie før ho starta på utdanning i 1991.

​Ho elskar å få jobbe med menneske. Ho jobbar med demens og psykiatripasientar og i ein slik jobb er det ekstremt viktig å halde seg oppdatert og å følgje med. Å jobbe med menneske som treng di hjelp krev at ein alltid må vere på. Mange av dei demente har ikkje filter, noko Ann Sissel tykkjer er herleg. Har ho ein dårleg dag på jobb får ho «høyre det» frå pasientane sine. Ser ho sur ut, så får ho beskjed. Dei seier det dei meinar, ein eigenskap Ann Sissel set stor pris på.

Ein pratar gjerne om «Bygdedyret» når ein bur på ein liten plass. Men skal ein gjere noko med det må ein byrje med seg sjølv. «Det er altfor lett å skulde på kvarandre», seier Ann Sissel. På ein liten plass vert det ofte til at ein pratar meir om kvarandre enn om den store verda. Men Ann Sissel seier at «sjølv om vi pratar om kvarandre, so bryr vi oss». Vi kan lettare fange opp om nokon har det dårleg og vi hjelper til om vi ser at nokon treng det. «Vi er ei lita bygd der vi bryr oss om kvarandre - på godt og vondt».

Ann Sissel er ei dame med mange meiningar og tykkjer det er viktig å engasjere seg i lokalsamfunnet. Ho er aktiv politikar, er med i kommunestyret og formannskapet, i tillegg til at ho er tillitsvald på jobb.

Noko som er særs viktig for Ann Sissel er at alle skal få same moglegheit til å få ta del i aktivitetar og arrangement i Hyllestad.

Ho minnast sjølv når borna var yngre og ho hadde dårleg råd. Då fekk ikkje borna hennar moglegheit til å delta på alt dei ville av fritidsaktiviteter. I tillegg hadde ho jobb som gjorde at ho ikkje kunne køyre dei overalt heile tida. Det var mykje stress og mykje dårleg samvet.

Ho meinar difor at alle born og unge burde få moglegeheit til å ta del i fritidsaktivitetar. For mange unge kan dårleg råd vere ei skam, og då seier dei heller at dei ikkje vil vere med i staden for å sei at dei ikkje har råd. Det tykkjer Ann Sissel er synd og meinar kan føre til utanforskap og mobbing.

I tillegg til å engasjere seg i lokalpolitikken skriv ho og blogg. Ho fann ut at når ho hadde passert 60 var det greitt å byrje å «blogge». I bloggen skriv ho om kvardagslege ting. Ho er ærleg og seier ting som dei er. Ho har mykje sjølvironi og likar ikkje å ta seg sjølv so høgtidleg. I dagens samfunn skal alt vere so perfekt. Denne fasaden vil Ann Sissel få vekk. Ho seier det må vere lov til å sei at ein klarer seg fint sjølv om ein ikkje er god i matlaging, eller å stelle i hagen. 

Ein må kunne le av seg sjølv og sjå seg sjølv litt «utanfrå». Det er so mykje press på å vere perfekt i dagens samfunn at ho synest synd på dei unge i dag. «Du er god nok uansett og alle må ikkje ha ei høg utdanning for å leve eit godt liv», seier ho.

Ann Sissel tykkjer det er godt å bu i Hyllestad. Ho har mange gode vener og ein fantastisk jobb med gode kollegaer. Ho er og oppteken av at vi må ta vare på dei som kjem hit og som vil bu her. «Kva kan vi som innbyggjarar gjere for at dei skal verte verande?  Vi må vere rause og støtte kvarandre. Det er viktig med møteplasser slik at folk vert kjende med kvarandre». Ho tykkjer det er bra at det no berre er ein barnehage og ein skule i kommunen. Då vert både borna og foreldra godt kjende og ein får eit større nettverk.

No håpar ho berre at det kan komme nokre småbarnsfamiliar til Skifjorden. Ho kan lokke med eit flott felleskap, ein heilt fantastisk natur og ei kjensle av fridom du ikkje får mange andre plassar.

Sjølv går ho dagleg 5 km på tur, enten i marka eller på fjellet. Når ho er inne les ho mykje bøker og prøver å strikke og hekle litt. Om sommaren hjelpe ho sonen med utleige av hytter/hus til turistar.

Ho tykkjer det er fint å innimellom kunne reise og oppleve bylivet i Bergen og i Oslo, men det er alltid godt å komme heim att til bygda si.

​«Du er god nok uansett og alle må ikkje ha ei høg utdanning for å leve eit godt liv»