Siri Embla & Liv Nola

Siri Embla Risnes bur i Lifjorden saman med dotter si, Liv Nola. Huset dei bur i vart bygd av oldeforeldra som dreiv eit småbruk, besteforeldra budde der då Siri Embla vaks opp.

Siri Embla har feriert her i heile oppveksten og har ei sterk tilknyting til plassen. Når dei var i Lifjorden om somrane budde dei på hytta som er rett ved sidan av huset til besteforeldra. No bur foreldra til Siri Embla der og er næraste nabo til dottera og barnebarnet sitt.

Dei har heilt sidan Liv Nola vart fødd, hatt basen sin i huset i Lifjorden. Men sidan far til Liv Nola bur på New Zealand og Siri Embla har ein jobb som medfører ein del reising, har dei oppheldt seg litt her og litt der. Dei har alltid følt seg velkommen og heime der dei har vore. 

Siri Embla har bakgrunn som scenekunstnar og jobbar freelance der ho mellom anna jobbar for Sjukehusklovnane, som er ein landsdekkande organisasjon. Der er ho med på å gi verdas beste reseptfrie medisin, den utan biverknadar. Møta med borna bidreg til større livsglede og meistring av ein vanskeleg sjukehuskvardag. No når det er korona og restriksjonar, har dei måtte tenke nytt, så Siri Embla har rigga til eit studio i stova og møter borna digitalt istaden. Livsgnisten vekkast til live gjennom humor og leik på borna sine premissar og dei får fin kontakt via skjermen. Ho håpar at denne nytenkinga med den digitale verda kan gjere at fleire vel å flytte ut i distrikta, sjølv om jobben er ein heilt annan plass.

For Siri Embla har samfunnsutvikling og bærekraft alltid vore ein stor lidenskap. Vi-følelsen og det å leve i harmoni med naturen er noko ho brenn for. Ho har difor vidareutdanna seg innan fasilitering, bærekraft og regenererande utvikling. 

​"Det er mange som ynskjer å gjere ein forskjell og som ser at vi treng endringar i korleis vi lever, både lokalt og globalt. Når vi koplar denne vilja saman med glede i eit fellesskap og brukar gamal kunnskap saman med ny, då har vi tilgang til ei enorm endringskraft"

Ho meiner at om vi utviklar korleis vi tenkjer og korleis vi samarbeidar på kryss og tvers av næringar og sektorar, tenkjer heilheit og let folk si eiga drivkraft få blomstre, vil vi få endringar som gjer at trivsel, helse og glede aukar for alle, inkludert planeten. 

Vidare seier ho at det er viktig å vere ein landsby for kvarandre. Sjølv om vi er ulike, er vi alle menneske som bur her ilag. Mangfald er ein ressurs til kreativitet og utvida perspektiv, forståing og nytenking. Ho håpar at Prestegarden kan verte ein samlande plass, der alle kan møtast.

​"Det er så mange folk her som sit inne med mykje nyttig kunnskap, historiar og verktøy som det hadde vore fantastisk å få dele"

For å vere saman, i eit miljø, har Siri Embla leigd kontor i Prestegarden. Ho er i ein fase der ho arbeider aktivt med å utvikle lidenskapen innan bærekraft og bygdeutvikling. Ho håpar med det, å kunne gje noko attende til lokalsamfunnet. Ho seier at trivsel i det ein gjer er viktig. 

"Ein kjem lenger med lyst og glede enn tvang, gleda vert større når du gjer noko for andre og det er mykje lettare å gjere ting saman"

Etter at ho kom inn i Prestegarden har ho og engasjert seg i styret i Folkeakademiet og i prosjektet «Liv og Lyst». Dette er arenaer ho føler at ho kan vere med å bidra på. Då hennar italienske klovnelærer var innleigd til å regissere eit stykke i Noreg, la han turen innom Hyllestad. Det vart då arrangert ei fin intim førelesing med han i Prestegarden. Likeeins då ein ven av ho gav ut bok, då arrangerte ho bokprat med «Marinejegeren». 

​Det å få vere med å skape ein kultur som fremjar fellesskap, læring og utvikling er utruleg gjevande. No drøymer ho om å arrangere eventyrdag for dei minste i Kvernsteinsparken. Ho seier Kvernsteinsparken er ei gullgruve for Hyllestad og noko vi alle kan vere stolte av. 

​Siri Embla har og byrja å synge med Fjordklang, i koret traff ho ei nerve av livssglede! Torsdagar held ho yogatimar på Yogaloftet i Fleirbrukshuset på Hyllestad. Siri Embla har lett for å verte engasjert i ting ho interesserar seg for, jobb og fritid er vevd saman, då det heile handlar om ein lidenskap for livet i seg sjølv.

Valet av heimeundervisning kom som ein naturleg del av livsstilen dei har, slik kan dei ha god kontakt med nære relasjonar på begge sider av jordkloden, samstundes som det er i tråd med verdiar og pedagogiske tankesett. Foreløpig fungerar dette veldig bra og Siri Embla seier at dei føler seg godt inkludert lokalt. Det er viktig med eit sosialt liv og byggje bruer i lokalsamfunnet gjennom felles aktivitetar og leik.

Liv Nola går på SFO og er med på fritidsaktivitetar som barneidrett, dans, piano og «kreativ». Ho seier at ho likar seg godt i Hyllestad, ho har mange venar og det er kjekt å bu så nær mormor og bestefar. 

​​Siri Emba er einig. På New Zealand har dei eit uttrykk som seier «A place to stand», slik føler ho for Hyllestad. Når ho er her har ho beina sine på jorda - det er her ho høyrer til. Dei reiser mykje, men Hyllestad heng fast som ein strikk, og dei kjem alltid tilbake.